Bondeungdomslaget i Nidaros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bondeungdomslaget i Nidaros (BUL i Nidaros) er eit lokallag av Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag i Trondheim, skipa i 1904. Laget har til føremål å "samle barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø, og ta vare på norsk kultur og norsk mål".

Laget har fire særlag: teaterlaget, folkedanslaget, spelmannslaget og songlaget. Særlaga har eigne årsmøte, men er underlagde årsmøtet i BUL i Nidaros. I tillegg har laget årsmøtevalde nemnder.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bondeungdomslaget i Nidaros si eiga heimeside