Bongotrommer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bongotrommer
Bongo.jpg
Klassifiseringtromme
Hornbostel-Sachs klassifisering211.251.2
(Sett av koniske einfellstrommer)

Bongotrommer (spansk bongó) er eit latinamerikansk rytmeinstrument danna av to små, samankopla trommer som ein vanlegvis slår på med fingrane. Bongotrommene er eit viktig instrument i mellom anna cubansk musikk, og er mykje brukt også i annan moderne populærmusikk.[1] Bongotrommer er einfellstrommer med open botn. Dei to trommene har ulik storleik. På spansk blir den største tromma kalla hembra ('kvinneleg') og den mindre kalla macho ('mannleg').

Sexteto Habanero i 1925. Til venstre er bongospelaren (bongosero) Agustín Gutiérrez.

Saman med conga eller tumbadora, og til ein viss grad batátrommer, er bongotrommene dei mest utbreidde cubanske handtrommene, og blir brukt innan sjangrar som son cubano, salsa og afro-cubansk jazz.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «bongotrommer». Store norske leksikon (på norsk). 4. juli 2017. 
  2. Fernández, Raúl A. (2006). From Afro-Cuban Rhythms to Latin jazz. Oakland, CA: University of California Press. s. 22–41. 
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.