Bongrain randis
Bongrain randis | |||
randis | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°0′S 71°30′W / 69.000°S 71.500°W | ||
Lengd | 50 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bongrain randis 69°00′S 71°30′W / 69°S 71.5°W | |||
Bongrain randis er ein randis, som er 50 km lang frå nordaust til sørvest og 22 km brei på det breiaste, og dekkjer nordvestkysten på Aleksanderøya. Mount Bayonne ligg i aust og Cape Vostok ligg sørvest for Bongrain randis. Han vart oppdaga frå avstand og grovt kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, (FrAE) under Jean-Baptiste Charcot og sidan fotografert frå lufta av British Graham Land Expedition den 15. august 1936, og grovt kartlagt frå desse bileta. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1954 etter Maurice Bongrain, som var landmålar med FrAE og ansvarleg for det første kartet over denne kysten.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bongrain Ice Piedmont». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 26. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bongrain randis» (innhald frå Geographic Names Information System).