Bontveit
| Bontveit | |||
| stad | |||
Bontveit | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Bergen | ||
| Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
| Gardnummer | 63 | ||
| Ferdselsårer | Fv165 Bontveitvegen | ||
| Wikimedia Commons: Bontveit | |||
Bontveit er ein gard i Fana i Bergen kommune inst i den tronge dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem truleg av botn, som i dalbotn.
Bontveit har gjeve namn til Bontveitvegen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster, før Vincens Lunge overtok i 1528. Etterkomarane hans sat med garden til 1680, då han vart pantsett til Hans Hjort. Framt il 1775 hadde Bontveit same eigar som Samdal. Sidan 1853 har garden vore i bondesjølveige.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Garden ligg inst i dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet mellom Ulvursfjellet og Livarden (683 moh) i vest, Rambjørga (541 moh) i nord, Dyrdalen i aust og Orrtua (358 moh) i sør.
Garden grensar til Lund i nord og aust, Frotveit i sør og Riple i vest.
Garden er i lag med Øvre Totland og Riple den høgastliggande i Bergen (kring 300-350 moh).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.