Boogie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blues-shuffle eller boogie spelt på gitar i E-dur[1].

Boogie er ein repeterande, swing-note eller shuffle-rytme,[2] nytta i blues. Det vart opphavleg spelt på piano i boogie-woogie-musikk. Den karakteristiske rytmen og kjensla til boogie vart så tilpassa for gitar, kontrabass og andre instrument. Den tidlegaste innspelinga av ein boogie-woogie-song var i 1916. Innan 1930-åra var hadde swingband som Benny Goodman, Glenn Miller, Tommy Dorsey og Louis Jordan alle store hittar. Innan 1950-åra vart boogie ein del av dei nye stilartane rockabilly og rock and roll. Seint i 1980- og tidleg i 1990-åra gav countrybadn ut countryboogie-musikk.

I dag vert «boogie» som regel nytta om dansing til pop, disco eller rock.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilbur M. Savidge, Randy L. Vradenburg, Everything About Playing the Blues, 2002, Music Sales Distributed, ISBN 1-884848-09-5, pg. 35
  2. Burrows, Terry (1995). Play Country Guitar, s.42. Dorling Kindersley Limited, London. ISBN 0-7894-0190-8.