Borchgrevinkbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borchgrevinkbreen
isbre
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Borchgrevinkbreen.
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 73°4′S 168°30′E / 73.067°S 168.500°E / -73.067; 168.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Borchgrevinkbreen
73°04′00″S 168°30′00″E / 73.0667°S 168.5°E / -73.0667; 168.5
Borchgrevinkbreen is located in Antarktis
Borchgrevinkbreen (Antarktis)

Borchgrevinkbreen er ein stor isbre i Victory Mountains i Victoria Land, som flyt sør mellom Malta Plateau og Daniell Peninsula og så ut i Glacier Strait i Rosshavet, som ei flytande bretunge, Borchgrevink bretunge, like sør for Cape Jones. Han vart namngjeven av geolog-gruppa frå New Zealand i 1957–58 etter Carsten Borchgrevink, leiaren for Southern Cross-ekspedisjonen, 1898-1900. Borchgrevink vitja området i februar 1900 og observerte breen frå sjøen.

Borchgrevinkbreen has fleire sidebrear:

  • Inghambreen ligg 5 km vest for Humphriesbreen, som flyt sør og inn i Borchgrevinkbreen; Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, mellom 1960 og 1962. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Clayton E. Ingham frå New Zealand som var geofysikar ved Hallett-stasjonen i 1957.
  • Humphriesbreen er ein bratt sidebre like aust for Inghambreen, som hovudsakleg flyt sørvestover og saman med Borchgrevinkbreen nordvest for Mount Prior. Han vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, mellom 1960 og 1962, og vart namngjeven av US-ACAN etter John G. Humphries frå New Zealand som forska på ionsfæren ved Hallett-stasjonen, 1957.
  • Behrbreen er ein bratt sidebre som er 11 km lang, og som flyt aust langs nordsida av Clapp Ridge og saman med Borchgrevinkbreen. Isbreen vart først nedteikna i 1960 på eit kart frå New Zealand etter U.S. Navy sine flyfoto. Han vart namngjeven av US-ACAN etter oberst Robert Behr i USAF, som assisterte gjennomgangen av dei amerikanske retningslinjene mot Antarktis for 1970-71.
  • Handbreen ligg i ein djup dag som drenerer austsida av Malta Plateau og flyt aust langs sørsida av Clapp Ridge til Borchgrevinkbreen. Han vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy mellom 1960 and 64, og vart namngjeven av US-ACAN etter H. Hand som var biolog ved McMurdo-basen i 1967-68.
  • Linebreen drenerer sørlege delen av austsida av Malta Plateau og flyt aust mellom Collins Peak og Mount Alberts og inn i Borchgrevinkbreen. Han vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy mellom 1960 og 1964, og vart namngjeven av US-ACAN etter Kenneth Line, ein ingeniør med den glasiologiske gruppa frå US Antarctic Research Program (USARP) ved Roosevelt Island i 1967-68.
  • Barghbreen er 10 km lang og ligg sørvest på Daniell Peninsula, 3 km nord for Langevadbreen, som han flyt parallelt med. Han flyt sørvest og ut i Borchgrevinkbreen og vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy mellom 1960 og 1964. Han vart namngjeven av US-ACAN etter Kenneth A. Bargh, som var seismolog ved Hallett-stasjonen i 1958.
  • Langevadbreen ligg 3 km sør for Barghbreen og like vest for Narrow Neck. Han flyt sørvest frå Daniell Peninsula til den nedre delen av Borchgrevinkbreen. Han vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, mellom 1960 og 1964, og vart namngjeven av US-ACAN etter Michael W. Langevad, elektrikar ved Hallett-stasjonen, 1957.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]