Bordesholmaltaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bordesholmaltaret i Schleswig domkyrkje.
Foto: Arne List

Bordesholmaltaret er ei høgaltartavle i Schleswig domkyrkje i Schleswig i Tyskland. Tavla vart tinga av hertug Frederik, den seinare Fredrik I av Danmark-Noreg, til minne om den første kona hans, Anna av Brandenburg. Altaret skulle vere eit gravmæle for Anna, som døydde i 1514 og vart gravlagd i klosterkyrkja i Bordesholm ved Husum.

Altaret er 6,5 meter høgt og har ei breidde på 7 meter. Det kjem frå treskjeraren Hans Brüggemann sin verkstad og har ei latinsk innskrift der det står at ho vart ferdig i 1521.[1] Det er laga i eik, har tre fløyar og inneheld relieff med 16 motiv frå Jesu liding og død.[2] Til saman er det nærare 400 utskåre figurar kledd i samtidas klede.[2]

I 1666 blei altaret flytta frå Bordesholm til Schleswig domyrkje av hertug Christian Albrecht.[3]

Bordesholmaltaret er teke opp i Danmarks kulturkanon under kategorien biletkunst.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]