Hopp til innhald

Bordvika i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bordvika
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 5[2][3]

Bordvika er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 5.[2][3]

Bordvika ligg på nordsida av Skifjorden og grensar i vest til Varlia, i nord til gardar i Fjaler kommune, i aust til Sandnes og i sør til fjorden.[3] Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden nær tuna.[4]

I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard og han høyrde til Øn kyrkje.[5] Garden har frå gammalt av hatt to bruk og i 1879 vart ein husmannsplass skilt ut som eige bruk.[3]

Fyrste lekkjen av namnet kjem truleg av «bord» i tydinga kant, og viser då til høgdedraget mellom sjøen og innmarka, eller av «bor» i tydinga opning og viser då til opninga elva lagar i høgdedraget. Ei anna tolking er at det gjeld bord, som i plankar, og at staden har vore opplagsplass for plank.[3] I kjeldene er namnet skrive «Borduigh» (1563), «Buorduig» (1567), «Burduig» (1603), «Buruigenn» (1608), «Boeruigen» (1667) og «Bordvig» og «Baarvig» (1723).[6]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Bordvika» i 2003.[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn, skrivemåten har då vore «Bordvik».

Gardsnamnet Bordvika er også brukt i Brønnøy kommune.

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 21. november 2010
  2. 1 2 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 21. november 2010
  3. 1 2 3 4 5 Inger Kellmer (1990). «Bordvika : Gnr. 5». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 40. ISBN 8299219817.
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 21. november 2010
  5. Rolf Fladeby og Liv Marthinsen, red. (1977). «Sunnfjord futedøme : Ascheuolds schibred : Øns sogen : Ødegaarde : Boruig». Norsk lokalhistorisk institutt : Skattematrikkelen 1647 XII SOGN OG FJORDANE FYLKE. Universitetsforlaget. s. 157.
  6. «Oluf Rygh: «Borvik» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».
  7. «yr.no». Vitja 21. november 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Vidare lesnad