Borgarane frå Calais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Les Bourgeois de Calais framfor rådhuset (l'hôtel de ville) i Calais.

Les Bourgeois de Calais («Borgarane frå Calais»[1]) er eit monument forma som ei gruppe med statuar, skapt av den franske skulptøren Auguste Rodin på oppgåve frå byen Calais i Frankrike, der det fyrste eksemplaret støypt i bronse var avslørt i 1895. Monumentet er av dei mest heidra verka i Rodins produksjon, og det vart støypte til saman tolv originalutgåver i bronse av det. Dessutan har det vore støypt fleire einskildutgåver av nokre av figurane i monumentet, sett opp mange stader kringom i verda, mellom anna i hagen hjå Musée Rodin i Paris (støypt av Fontes Coubertin i 1988 etter modellen frå 1887). Ei bronseutgåve av figuren Jean d'Aire frå dette monumentet står òg i Oslo, skjenka til byen av kunstmålaren Frits Thaulow i 1902. Denne skulpturen har fått namnet «Mannen med nøkkelen».[1] Nøkkelen Jean d'Aire har i handa, symboliserer nøkkelen til byporten inn til byen Calais.

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Detalj av statuen som representerer Eustache de Saint Pierre.
Les Bourgeois de CalaisMusée Rodin i Paris.

Verket representerer dei seks borgarane i Calais som i august 1347, under hundreårskrigen, møtte opp framfor kong Edvard III av England (1312-1377) for å trygle han om nåde for Calais, som kong Edvard kringsette i i peroiden 1346-1347. Ifølgje den franske mellomalder-kronikøren Jean Froissart, òg kjend som Jehan Froissart (ikring 1337-etter 1404), var den engelske kong Edvard III så utmatta og opphissa over den langvarige motstanden frå Calais at han ikkje ville skåne byen utan at seks av borgarane i byen møtte opp hjå han for å verte avretta, og det er desse seks friviljuge borgarane på veg til avrettinga som Rodin har framstilt.[2] Han har gjeve dei ulike personlegdomar som gjev uttrykk for ulike reaksjonar på det dei har i vente. Reaksjonane deira kjem fram både ved kroppshaldninga, korleis hendene er forma, viset dei går eller står på, og kleda dei har på seg. Eit banalt og audmjukande kapitulasjonritual, som var vanleg praksis i mellomalderen når ein by måtte overgje seg, vart med dette gjort om til å verte ei heltegjerning som dei seks borgarane gjorde for å redde byen frå total øydelegging.

Det seks borgarane var Eustache de Saint Pierre, Jacques og Pierre de Wissant, Jean de Fiennes, Andrieu d'Andres og Jean d'Aire. Eustache de Saint Pierre var den mest kjende av dei. I berre skjorta og med reipet om halsen «en chemise et la corde au cou», møtte han opp for kongen. Rodin har òg framstilt han med reipet om halsen.

Versjonar av verket[endre | endre wikiteksten]

Heile utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • 1. Calais (Frankrike), place de l'hôtel de ville («rådhusplassen»), 1895.
  • 2. København (Danmark), Ny Carlsberg Glyptotek, 1903.
  • 3. Mariemont (Belgia), musée royal, 1905.
  • 4. London (Storbritannia), parken attmed Victoria-tårnet (Victoria Tower), støypt i 1908, sett opp i London i 1915.
  • 5. Philadelphia (USA), Rodin Museum, støypt i 1925, sett opp i 1929.
  • 6. Paris (Frankrike), Musée Rodin, støypt 1926, tildelt musée Rodin en 1955.
  • 7. Basel (Sveits), Kunstmuseum, støypt i 1943, sett opp i 1948.
  • 8. Washington (USA), Hirshhorn Museum and Sculpture Garden, støypt i 1943, sett opp i 1966.
  • 9. Tokyo (Japan), Nasjonalmuseet for vestleg kunst, støypt 1953, sett opp 1959.
  • 10.Pasadena (USA), Norton Simon Museum, 1968.
  • 11.New York (USA), Metropolitan Museum of Art, støypt i 1985, sett opp o 1989.
  • 12.Seoul (Sør-Korea), Samsung Foundation for Art and Culture, PLATEAU (Rodin Gallery), 1995

Einskildfigurar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Skulpturen i Oslo er kjent (på norsk) som «Mannen med nøkkelen», men heiter eigenleg Jean d'Aire.[2]
Foto: Helge Høifødt
  • Palo Alto (USA), einskildfigurar på campus åt Stanford-universitetet (Leland Stanford Junior University)
  • Jerusalem (Israels part av byen), Israelmuseet
  • Amsterdam (Nederland), Musée Van Gogh
  • Iowa City (USA), statuen av Jean de Fiennes på University of Iowa
  • Lille (Frankrike), miniatyrversjon av heile gruppa på Palais des Beaux-Arts
  • Oslo, figuren av Jean d'Aire, kalla «Mannen med nøkkelen», plassert på eit lite, smalt grøntområde mellom Henrik Ibsens gate og Sommerrogata, kalla Sommerroparken, i nærleiken av Solli plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Borgerne fra Calais». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 
  2. 2,0 2,1 «Sculptures by Auguste Rodin». Bowman Sculpture. Henta 24. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Borgarane frå Calais
Biliografi
  • Magali Domain, Les Six Bourgeois de Calais, La Voix du Nord, 2001
  • Jean-Marie Moeglin, Les Bourgeois de Calais : essai sur un mythe historique, Albin Michel, 2002
  • Auguste Rodin : le monument des bourgeois de Calais et ses photographes, Musée des beaux-arts, 1987
  • Antoinette Le Normand-Romain og Annette Haudiquet, Rodin : les Bourgeois de Calais, Éditions du musée Rodin, 2001