Borgarfjörður
Utsjånad
Borgarfjörður | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Borgarfjörður 64°28′53″N 22°02′02″W / 64.48138°N 22.03378°W | |||
Wikimedia Commons: Borgarfjörður |

Borgarfjörður er ein fjord vest på Island nær byen Borgarnes. Vatnet i Borgarfjörður ser roleg ut, men fjorden har eigentleg farlege undervasstraumar.
Det ligg mange flate øyar i fjorden, men dei er stort sett ikkje busett.
Nær Borgarnes går hringvegur over ei halv kilometer lang bru.
Området rundt fjorden har vore busett sidan Island vart kolonisert og fleire hendingar i Islendingesogene, som soga om Egil Skallagrimson fann stad her.
Namnet på fjorden ser ut til å ha kome frå garden Borg, som i følgje sogene vart grunnlagd av far til Egil, Skallagrímur, som tok landet rundt fjorden og dermed gav fjorden namnet Borgarfjörður.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Borgarfjörður» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2007.