Borgarmålet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borgarmålet
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Pidginspråk
Bruk
Område: Svensk Lappland
Utdøydd: 1800-talet?
Språkkodar
Glottolog: borg1236

Borgarmålet var eit pidginspråk som vart nytta i dei sørlege lappmarkene i Sverige på 1700-talet i samband med handel mellom samar og svenske kjøpmenn ("borgarar"). Kjelda vår til borgarmålt er Högström (1747). Både Israel Ruong, Björm Collinder og Karl-Hampus Dahlstedt har skrive om borgarmålet. Den mest grundige analysen av borgarmålet er Kuzmenko 2017, og denne artikkelen byggjer på Kuzmenko sin analyse.

Kunnskap om borgarmålet[endre | endre wikiteksten]

Den einaste direkte kunnskapem vi har om borgarmålet er ei framstilling av Pehr Högström, som var misjonær og sokneprest i Gällivare og Skellefteå I boka Beskrifning öfwer Sweriges Lapmarker frå 1747 skriv han dette om borgarmålet (s. 77):

«I de södra Lapmarker förstå en stor del av Lapparna Swenskan och en stor del Swenskar Lapskan. Men somligstädes kunna mäst alla utreda sig i det språk, som de kalla Borgarmålet. Ty, jag wet icke af hwad händelse det kommit, at en del af Borgerskapet i Köpstäderne, som handla med Lapparna och på deras wanliga marknadsplatser årligen hafwa at göra med dem, hafwa begynt bruka et språk, som hwarken med Swenska eller Lapska tungomålens art är enligit.»

Deretter siterer han 5 setningar frå borgarmålet. Desse setningane er dei einaste døma vi har på borgarmålet. Dei svenske omsetjingane er frå Högström sin originale artikkel.

  1. Du stick uti mäg din skin, så ja sätt uti däg min bränwin = Du gifwer mig dina skinnvaror, så gifwer jag dig bränwin igen..
  2. Du släpp din räv uti min wåm, så få du din bak den pelsomesak = Du ger denna rot eller rofwa åt min maga, så gifwer jag dig tilbaka detta muddskin.
  3. Den lapman kast sin renost bak i den borger = Lappen ger Renosten åt Borgarn.
  4. Som du wara rätt stin = Du är mycket dyr.
  5. Hur sit din heit? = Huru heter du?[1]

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Ordforrådet i setningane er i hovudsak svensk. Om det er representativt for borgarmålet, eller berre er eit resultat av notasjonen veit vi ikkje. I analysa si peiker Kuzmenko på at det likevel er 4 av orda som er frå samisk: sit (5) viser til "siida". Ordet räf omset Högström med "rot eller rofwa", det viser til sørsamisk ruäva, reävaa, reäve Hasselbrink 1981:1088). Ordet er eit lån frå ei parallell germansk form *rēf- i sørsamisk.

Det tredje ordet er pelsomesak, som ser ut til det består av dei svenske orda "pels" og "sak". Collinder analyserer ordet som samisk "pilsomesak", med førstedelen eit lån frå svensk (pilsa < päls), og andredelen fleirtal av ordet for "reinkalv" (jf. nords. miessi. Kuzmenko viser at ordet pil'samiesse er dokumentert i lulesamisk, jf. Grundström 1948-40 s. 736, og gjer framlegg om at ordet har fått ei folkeetymologisk tyding av dei svenske talarane av borgarmålet, som päls(ome)sak, altså "pels + sak, ting", med -om tilka som eit svensk dativsuffiks. Det fjerde ordet, wäm, kjem av det samiske ordet for "hjarte", wajmu.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Fonologisk har borgarmålet trekk frå nordsvenske dialektar: Det har diftongar der standardsvensk har monoftongar (heit for svm. heta), og det er eit jamvektsmål, med apokope for ord med lang rotvokal eller rotkonsonant og bevart endingsvokal for kort rotvokal. Jf. stick, släpp, heit (= sticka, släppa, he:ta) vs. wara. Denne regelen fungerer også for samiske ord, jf. sit, wäm, räf ( < siida, wajmu, ruävaa> ).[2]

Grammatisk skil borgarmålet seg frå svensk på mange punkt: Språket har, på same måten som samisk, men til skilnad frå svensk, verken genus eller bestemtheit (jf. min brännwin, din skinn i staden for mitt). Heller enn å bøye substantiv i bestemtheit har borgarmålet ein bestemt determinativ den, jf. den borgar, den pelsomesak.

Borgarmålet skil seg samtidig frå samisk. Den obligatoriske bestemtheitsmarkøren den i borgarmålet har ingen parallell i samisk. Borgarmålet har heller ikkje kasus, som dei samiske språka har.

Samisk påverknad[endre | endre wikiteksten]

Den semantiske rolla benefaktiv blir uttrykt med indirekte objekt i skandinavisk (Eg gjev deg ei bok.), evt. med preposisjonen til (til deg). I samisk finst ikkje denne konstruksjonen, her brukast kasus illativ i staden. I borgarmålet blir det brukt komplekse preposisjonar (uti, bak i), jf. nordsamisk olgolii, duohkái "ut + Ill, bak + Ill.

Samisk bruker også possesiv suffiks i lag med postposisjonar, Kuzmenko siterer Grundströms lulesamiske duohkāsit "til din bak". Sjølv om orda i borgarmålet er svensk er med andre ord den underliggande semantiske strukturen samisk.

Pidginspråk i Norden[endre | endre wikiteksten]

I Nordnorge fanst eit meir veldokumentert pidginspråk, russenorsk. I analysa si av borgarmålet og russenorsk peiker Kusmenko på at det er meir variasjon i russenorsk enn i borgarmålet og han tolkar dette som eit teikn på at mens russenorsk var eit relativt ungt pidginspråk (hundreåret fram til 1917) hadde borgarmålet eksistert i fleire hundre år då det vart notert ned.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Beskrifning öfwer de til Sweriges krona lydande lapmarker, Två förläggare bokförlag, Umeå 1980, s. 77. 
  2. Kusmenko 2017, s. 48.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dahlstedt, K.-H. 1982. Borgarmåk och russenorsk. Två gamla pidginspråk i Norden. Språkvård 1982, N 4, 20–24.
  • Högström, Pehr 1747. Beskrifning öfwer de til Sweriges Krona lydande Lapmarker År 1747. Stockholm. (Norrländska skrifter Nr 3. Facsimileutgåva efter originalupplagan som utgavs I Stockholm 1747. Med en biografisk efterskrift av Gunnar Wikmark och en saklig kommentar av Israel Ruong. 1980. Umeå: Två Förläggare Bokförlag.)
  • Kusmenko, Jurij Κ. (2017), «Borgarmålet: A Sámi-Swedish pidgin from the beginning of the 18th century», NOWELE, 70 (1):  39–56 
  • Qvigstad, K.J. 1899. Über die Geschichte der lappischen Sprachforschung. Journal de la Société Finno-Ougrienne. 16 N 3.1–10.