Borger Kristoffersson Hoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borger Kristoffersson Hoen
Fødd 5. juni 1799
Øvre Eiker
Død

10. mai 1877
Øvre Eiker

Yrke politikar, bonde

Borger Kristoffersson Hoen (5. juni 179910. mai 1877) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud. Kristoffer Borgersson Hoen var far hans, Olaus Borgersen Fjerdingstad son hans.

Hoen var gardbrukar frå 1823 på Vollstad og frå 1827 på Hoen. Han kom med i det fyrste heradsstyret i 1838, og var medlem av dette fram til 1873. I åtte år var han ordførar. Elles forlikskommissær 1852-56 og i mange år styreformann i sparebanken.

Hoen var 3. representant frå Buskeruds amtStortinget i 1842. Han var då medlem av næringskomite nr 1. Også i 1845 møtte han på Stortinget, då som 1. varamann. Ved det høvet var han medlem av tollkomiteen.

Han døydde 1877 på garden sin i Øvre Eiker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]