Borghild Arnesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borghild Arnesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1872
Sarpsborg
Død

2. september 1950 (78 år)

Yrke gullsmed, kunstmålar

Borghild Arnesen (30. april 18722. september 1950) var ein norsk målar og siselør, som var mest kjent for dekorativt metallarbeid.[1]

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Arnesen blei fødd i Sarpsborg 30. april 1872. Ho var dotter av organisten Hans Adolf Arnesen.[2][3] Som 20-åring flytta ho til Kristiania for å studere ved den Kongelige Tegneskole. Deretter studerte ho ved Harriet Backer og Asta Nørregaards målarskule i eit år.[3] I 1895 flytta Arnesen til Paris for å studera ved Académie Delecluse. Under eit studieopphald i Roma i 1898 blei ho interessert i metallarbeid. Frå ca. 1900 gjekk ho i lære hjå den franske emaljekunstnaren Armand Point i Fontainebleau, utanfor Paris.[1] Nokre år etter at ho starta som student av Point, heldt ho sine første metallarbeidutstillingar i Paris og Oslo. Sett bort frå nokon korte turar til Oslo, levde Borghild mesteparten av livet sitt i Frankrike. Først i nærleiken av Paris fram til 1930, og seinare i Nice.[3]

Det er først og fremst metallarbeida som har gjort Borghild Arnesen kjent i Skandinavia og Frankrike. Materialet som blei brukt var ofte forsølva kopar, og verka hennar blei skapt med ulike teknikkar, som siselering og cuivre repoussée. Ho laga ofte bruksting som skrin, toalettstell, fat og rammer. Hun hadde fleire separat- og kollektivutstillingar i løpet av karrieren. I Thielska galleriet i Stockholm finst blant anna eit kaffe- og teservise i sølv.[3] I 1907 laga Arnesen kalk, disk, eit åttekanta dåpsfat, vinkasse, brødeske og alterstakar til Frogner kyrkje.[4] Nasjonalmuseet har fleire av Arnesens verk i si samling.[3][1]

Borghild Arnesen døydde i Oslo 2. september 1950.[3]

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Arnesen henta inspirasjon til sine verk frå eventyr, religiøse forteljingar, bøker og museumsobjekt. Ho blei inspirert av Kiplings Jungelboken og eventyra til H.C. Andersen. Ho var også interessert i eldre meksikansk kunst og teosofi. Verka på Nasjonalmuseet viser Arnesens interessa for religion og mytologi, med tema frå Jesu dåp og Atlantis, og inspirasjon frå klassisk indisk kunst.[3][1]

Utstillingar i samtida[endre | endre wikiteksten]

Separatutstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1903
  • Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1911
  • Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1928
  • Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1946
  • Paris, 1903, eige atelier
  • Paris, 1904, eige atelier
  • Halléns Kunsthandel, Stockholm, 1904
  • Hamburg, 1905
  • Hans Wertheim, Berlin, 1906
  • Kunstfor. i Kristiania, 1906
  • Gal. Georges Petit, Paris, 1909

Kollektivutstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • Høstutst., 1897-1899
  • Høstutst., 1901
  • Høstutst., 1904-1905
  • Champs de Mars, Paris, 1899
  • Verdsutstillinga, Paris, 1900
  • Norsk Kunstindustri, Kristiania, 1907
  • Salonen, Paris, 1923
  • Paris, 1927[3][5]

Utsmykkingar og verk i offentlege samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Nasjonalmuseet, Oslo (relieff, dekorative fat og ein teikning)[1]
  • Frogner kyrkje, Oslo (bl.a. ein kanne i sølv og kobbar, åttekanta dåpsfat i kopar)[4]
  • Thielska galleri, Stockholm (kaffe- og teservise i sølv)[3]

Kjeldeliste[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Borghild Arnesen, Maler, Siselør», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 29. september 2021 
  2. «Histreg - Personside», histreg.no, henta 29. september 2021 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Thomsen, Ingrid Reed (20. februar 2017). «Borghild Arnesen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  4. 4,0 4,1 Frogner menighet og bydel gjennom 100 år. Oslo: Frogner menighetsråd. 1998. ISBN 8299470005. 
  5. Wichstrøm, Anne (1997), Kvinneliv kunstnerliv : kvinnelige malere i Norge før 1900 (2. uppl utg.), Gyldendal, ISBN 82-05-19362-2, OCLC 39459041, henta 29. september 2021