Borghild Bondevik Haga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borghild Bondevik Haga
Fødd8. desember 1906
Død12. april 1990
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Borghild Bondevik Haga (fødd 8. desember 1906 i Austre Moland, daud 12. april 1990) var ein norsk politikar for Venstre. Ho representerte VestfoldStortinget i perioden 1965–69. Ho var då medlem av landbrukskomiteen. Ho er den siste personen som har representert Venstre frå VestfoldStortinget.

Haga var medlem av Brunlanes kommunestyre frå 1959 til 1965 og av Vestfold fylkesskolestyre frå 1968 til 1975, frå 1972 som formann.

Ho var formann i Noregs Husflidslag frå 1968 til 1974 og deretter fram til 1980 formann i styret for kurssenteret til laget i Gjerstad.

Haga var tilsett som sekretær i KFUK i Kristiansand frå 1933 til 1935. Deretter var ho gardbrukar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografiar, Kunnskapsforlaget 1985.