Borgundøya
Utsjånad
(Omdirigert frå Borgundøy)
| Borgundøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sunnhordland |
| Koordinatar | 59°43′27″N 05°40′49″E / 59.72417°N 5.68028°E |
| Areal | 11,4 km² |
| Høgaste punkt | Borgundnuten (462 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Vestland |
| Demografi | |
| Folketal | 53 (2023) |
| Folketettleik | 4,6 /km² |
Borgundøya er ei øy i Kvinnherad kommune i Vestland. Ho har eit areal på 11,4 km² og det høgaste punktet er Borgundnuten på 462 meter over havet.
Øya ligg like sør for Fjelbergøy og sørvest for Halsnøy. I nord ligg Klosterfjorden og i sør Bjoafjorden, medan Skånevikfjorden held fram austover frå austsida. Alle desse fjordane er fjordarmar av Hardangerfjorden.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]| 1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
|---|---|---|---|
| 200 | 277 | 106 | 53 |
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
- ↑ Folketeljing 1801 for Fjelberg prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Fjelberg herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå