Borgundgavlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Borgundgavlen er eit museums- og friområde i Ålesund. Området ligg på ytste landtunga av Oksnøya mellom Borgundfjorden og Nørvasundet. Ein reknar at Borgungavlen strekkjer seg aust til Skuggen. Landtunga vert om lag avskoren av Katavågen som i sør går ut i Borgundfjorden gjennom Klokkarsundet. Neset mot vest vert avslutta med eit brattare berg, Gavlen, som har gitt område namn.

Dette området har vore sentralt gjennom lang tid. Her var det ein i mellomalderen fann Borgundkaupangen, ein kjøpstad som mykje oppstod på grunn av borgundfjordfiske i fjorden utanfor. At ein har funne spor etter fire kyrkjebygg syner og at det var ein viktig stad for kyrkja. Borgund kyrkje er bygd over murane av ei av desse kyrkjene.

I 1931 var Sunnmøre Museum lagt til Borgundgavlen. I tillegg til hovudbygninga og båthallane finn ein over 50 eldre hus oppattsette i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Roald Sporstøl: «Borgungavlen» eit unikt satsningsområde? Gavlen nr 1 1990 Sunnmøre Museum og Sunnmøre Museumslag