Boris Grigorjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Grigorjev

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 11. juli 1886
Rybinsk, Moskva
Død

7. februar 1939, 8. februar 1939 (52 år)
Cagnes-sur-Mer

Yrke kunstmålar, skribent, grafikar
Boris Grigorjev på Commons
'Jente med mjølkekanne', 1917

Boris Grigorjev (11. juli 18867. februar 1939) var ein russisk målar og grafikar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grigorjev vart fødd i Rybinsk og studerte på Stroganov kunstskule frå 1903 til 1907. Vidare studiar fann stad ved St. Petersburgs kunstakademi.under Aleksandr Kiseljov, Dmitrij Kardovskij og Abram Arkhipov frå 1907 til 1912. Han tok til å stille ut arbeida sine i 1909 som medlem av Union of Impressionists-gruppa. Medlem av Mir iskusstva-rørsla vart han i 1913. Ved sidan av kunstmåling var han også interessert i litteratur, og skreiv romanen 'Unge strålar'.

Grigorjev budde ei tid i Paris, der han studerte fransk målarkunst. I Paris mottok han sterke inntrykk av Paul Cézanne sin kunst.

Etter han kom tilbake til St. Petersburg i 1913 tok han del i St. Petersburg sitt bohemmiljø. Grigorjev hadde nær omgang med mange kunstnarar og forfattarar, mellom andre Sergej Sudejkin, Velimir Khlebnikov og poeten Anna Akhmatova Han måla fleire portrett av folk i omgangskrinsen.

Grigorjev var også oppteken av den russiske landsbygda, med sine bønder og sitt landsbyliv. Frå 1916 til 1918 laga han ei rekke måleri og grafiske trykk, og kalla serien for Russland. I desse arbeida skildra han fattigdomen, men og krafta i den russiske bondestanden og i landsbylivet. Albumet opna med Grigorjevs dikt Til hennar stesøner. Biletserien vart prisa av den mektige kunstkritikaren Aleksandr Benois. I fylgje Benois hadde Grigorjev vist sjølve kjernen av Russland i perioden før den revolusjonære uroa tok til.

Frå 1919 reiste og budde Grigorjev i mang eit utland, så som Finland, Tyskland, Frankrike, USA, Sentral- og Sør-Amerika. År 1934 fekk han publisert diktet Russland (Расея) i ei nord-amerikansk russisk-språkleg dagsavis Novoje Russkoje Slovo. Diktet var eit poetisk uttrykk over hans berømte serie med Russland-måleri.

Grigorjev døydde i 1939 i Cagnes-sur-Mer i Frankrike.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]