Boris Iofan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Iofan

Fødenamn russisk Борис Михайлович Иофа́н
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 16. april 1891
Odesa
Død

11. mars 1976 (84 år)
Barvikha

Yrke arkitekt
Språk russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Ektefelle Olga Iofan
Partnar Olga Iofan
Boris Iofan på Commons

Boris Mikhajlovitsj Iofan (16. april 189111. mars 1976) var ein sovjetisk arkitekt knytt til den stalinistiske stilen.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Byggjemøte i (1948): Rektor ved Moskva-universitetet A.N. Nesmejanov (sitjande til venstre), Boris Iofan (2 frå venstre), utdanningsminister S.V. Kaftanov (midten), prosjektleiar A.V. Pekarew (ståande til venstre), sjefsarkitekt J.B. Belopolski (ståande til høgre)

Iofan var fødd i Odessa på Krimhalvøya. Han gjekk ut frå Regio Istituto Superiore di Belle Arti (no Accademia di Belle Arti) i Roma i 1916 med ein grad i arkitektur. I førstninga følgde han nyklassisismen. Den fyrste større bygningen hans var eit sanatorium i Barvikha (1929), som gav han kontakt med leiarskapen i det sovjetiske kommunistpartiet.

I 1931 fullførte Iofan Huset på hamnefronten (offisielt kalla Дом Правительства, 'Bygningen til styresmaktene'). Bygningen dekte eit heilt kvartal og inneheldt 505 leilegheiter,[2] to teater og butikkar. Det blei eit ikonisk døme på tidleg staliniststil. Boris Iofan budde livet ut i bygningen.

Iofan var ein av tre arkitektar som teikna Sovjetarpalasset som var planlagt som den største bygningen i verda (dei andre arkitektane var Vladimir Gelfreich og Vladimir Sjtsjuko). Dette skulle vera ein 315 meter høg bygning med ein 100 meter høg statue av Lenin på toppen. Planane deira blei valde av Stalin i ein internasjonal konkurranse, og vann pris ved verdsutstillinga i Paris i 1937. Stålramma som skulle bera bygningen hadde byrja i 1940, men deretter stoppa arbeidet på grunn av andre verdskrigen, og bygningen blei aldri oppført.[3] I 1958 blei eit stort symjebasseng bygd på tomta.

Iofan blei utnemnd til Folkearkitekt i Sovjetunionen 20. oktober 1970.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnarsjaa, Arne (17. september 2021). «stalinistisk arkitektur». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. House on the Embankment web site: domna.ru
  3. Goode, Patrick (2009). «Soviet Union, Russia». The Oxford Companion to Architecture (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-860568-3. doi:10.1093/acref/9780198605683.001.0001/acref-9780198605683-e-1230. 
  4. www.promedali.ru История почетного звания «Народный архитектор СССР» Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. (vitja september 2010)