Boris Jeltsin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boris Jeltsin

Boris Nikolajevitsj Jeltsin (russisk Борис Николаевич Ельцин), (1. februar 193123. april 2007), var ein russisk politikar. Han var den første presidenten i den uavhengige russiske føderasjonen, frå 1991 til 1999. Han var gift med Naina Iosifovna Jeltsina, dei har to døtrer.

Boris Jeltsin vart fødd i ein bondefamilie i landsbyen Butka i Sverdlovsk oblast. Faren, Nikolaj Jeltsin, vart dømt for anti-sovjetisk agitasjon i 1934 og sat i gulag i tre år. Frå 1950 til 1955 studerte han ved Ural polytekniske institutt i Sverdlovsk og vart uteksaminert som bygningsingeniør.

I 1961 vart han medlem i kommunistpartiet. I 1968 kom han med i provins-komiteen i Sverdlovsk og i 1976 vart han førstesekretær i kommunistpartiet i Sverdlovsk provins. I 1978 fekk han sitt første nasjonale verv då han kom med i det øvste Sovjet - Sovjetunionen sitt parlament. Mikhail Gorbatsjov peika han ut som medlem av politbyrået - det øvste organet i kommunistpartiet, og frå 1985 til 1987 var han førstesekretær i Moskva bykomite - tilsvarande borgarmeister i Moskva. Han rauk så uklar med Gorbatsjov, og mista leiarstillingane sine.

I mars 1989 vart det for første gong halde demokratiske val til eit nytt parlament - Kongressen av folkedeputerte. Jeltsin vart vald inn og fekk plass i det øvste Sovjet. I juli 1990 melde han seg ut av kommunistpartiet. 12. juni 1991 vann han det første demokratiske presidentvalet i den russiske føderasjonen, som då var den største Sovjetrepublikken i Sovjetunionen, med 57 % av røystene. I august same år leia han motstanden mot eit gamal-kommunistisk kuppforsøk mot Gorbatsjov, som var Sovjetunionen sin president. Biletet av Jeltsin som stilte seg opp på ei stridsvogn utanfor den russiske parlamentsbygningen (det kvite huset) gjekk verda rundt. Då kuppet var slått ned, stod Jeltsin att som Sovjetunionens mektigaste mann.

I november skreiv han ut eit dekret som forbaud kommunistpartiet i den russiske føderasjonen. 8. desember 1991 møtte han presidentane i Ukraina og Kviterussland i Belovezjskaja Pusjtsja i Kviterussland. Her erklærte dei tre presidentane at Sovjetunionen var oppløyst, og at det frivillige Samveldet av uavhengige statar var oppretta i staden. Som eit resultat av dette gjekk Gorbatsjov av som president i Sovjetunionen 25. desember, og Sovjetunionen slutta å eksistere.

Jeltsin var mannen som brakte marknadsøkonomien til Russland, ei reform som førte til kaotiske økonomiske tilstandar og plyndring av statlege eigendommar som russisk økonomi enno slit med. Medan forgjengaren hans, Gorbatsjov, hadde gjort seg upopulær på politikken for å avgrense alkoholbruken, var det populært blant folk at Jeltsin hadde eit meir folkeleg tilhøve til alkoholen.

I 1996 vart han attvald som russisk president. I andre valrunde 3. juli fekk han 53,8 % av røystene.

31. desember 1999 gjekk han av som president, før perioden hans var over. Som den russiske grunnlova føreskriv vart han etterfylgd av statsministeren, Vladimir Putin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.