Boris Kurakin
Boris Kurakin | |
![]() | |
Verkeleg namn | Борис Иванович Куракин |
Statsborgarskap | Det russiske tsardømet, Det russiske imperiet |
Fødd | 20. juli 1676 Moskva |
Død |
17. oktober 1727 (51 år) |
Yrke | diplomat, politikar, skribent |
Språk | russisk, nederlandsk, fransk, italiensk |
Far | Ivan Grigorjevitsj Kurakin |
Mor | Fedosya Odoyevskaya |
Ektefelle | Ksenija Fjodorovna Lopukhina, Marija Fjodorovna Urusova |
Boris Kurakin på Commons |
Boris Ivanovisj Kurakin (fødd 20. juli 1676 i Moskva, død 17. oktober 1727 i Paris) var den første permanente russiske ambassadøren i utlandet og ein av dei næraste medarbeidarane til Peter den store. Han var òg svogeren til tsaren, då han var gift med Eudoxia Lopukhina.
Han stamma frå ein av dei eldste kongelege familiane frå Storfyrstedømmet Moskva. Han hadde tidlegare delteke i dei militære styrkane og dei første diplomatiske oppdraga hans var å reise til Roma i 1707 for å unngå at paven anerkjende kandidaten til Karl XII til den polske trona, Stanisław I Leszczyński. Seinare deltok han i slaget ved Poltava.
Frå 1708 til 1712 representerte han Russland i London, Hannover og Haag. Ved Freden i Utrecht sat han med alle russiske fullmakter. Frå 1716 til 1722 var han ambassadør i Paris.
I 1723 prøvde han utan hell å få arrangert eit ekteskap mellom Elisabeth av Russland og Ludvig XV av Frankrike. Året etter var han tilbake i Paris som ambassadør og vart verande på denne posten til han døydde.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Boris Kurakin» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2010.