Boris Pasternak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sovjetisk frimerke tileigna Boris Pasternak

Boris Pasternak (10. februar 189030. mai 1960) var ein russisk forfattar frå Moskva.

Boris Leonidevitsj Pasternak (kyrillisk Борис Леонидевич Пастернак) vart fødd i ein jødisk familie i Moskva som høyrde til den såkalla intelligensiaen. Far hans, Leonid Pasternak, var ein kjent kunstnar og professor i Moskva og mor hans, Rozalija Isidorovna Pasternak (née Kaufman) var pianist. Heimen til familien Pasternak var eit samlingspunkt for russiske intellektuelle, mellom anna Leo Tolstoj, Sergej Rakhmaninov og Aleksandr Skrjabin. Venskapen med Skrjabin fekk den unge Pasternak til å drøyme om å bli komponist. Likevel gjekk han tok han til med å studere filosofi etter å ha avslutta gymnaset i 1908. Etter ei reise til Tyskland, Sveits og Italia sommaren 1912 bestemte han seg til å bli poet. I 1913 fekk han publisert dei fyrste dikta sine. Året etter kom den fyrste diktsamlinga. Frå 1914 var han medlem av gruppa Zentrifuga, ei samling av diktarar som var tilhenjarar av symbolismen.

Fordi Pasternak hadde skada foten etter eit fall frå ein hest i barndomen, blei han ikkje innkalla til militærteneste under den fyrste verdskrigen. Han arbeidde i denne tida ved ein kjemifabrikk i Uralfjella. Sjølv om han var sjokkert over brutaliteten til den nye bolsjevikregjeringa, støtta han revolusjonen i 1917, mens foreldra utvandra til Tyskland i 1921. Etter den fyrste verdskrigen arbeidde Pasternak som bibliotekar og skreiv blant anna Løytnant Schmidt og Året 1905. I 1922 gifta han seg med Jevgeninja Vladimirovna. Dei to hadde ein son saman. Ekteskapen blei oppløyst i 1931.

På 1930-talet passa ikkje diktinga til Pasternak inn i den offisielle ideologien i Sovjetsamveldet og han arbeidde som omsetjar for å noko å leve av. Omsetjingane av Goethes Faust blei vidgjeten. I 1934 gifta han seg med Sinaida Nikolajevna Neuhaus og dei flytta saman til kunstnarkolonien Peredelkino utanfor Moskva.

Då krigen mellom Tyskland og Russland tok til i 1941 gjekk Pasternak friviljug inn i den sovjetiske hæren og blei i 1943 innrulla i ein såkalla forfattarbrigade.

Etter krigen arbeidde Pasternak lenge med den einaste romanen han kom til å gje ut, Doktor Zhivago. Romanen hentar handlinga frå revolusjonstida omkring 1917, og han handlar om konflikten mellom den intellektuelle doktor Zhivago og krava frå dei revolusjonære om at han skulle slutte seg til dei. Førebiletet for den kvinnelege hovudfiguren, Lara, skal vere Olga Ivinskaja, ei kvinne Pasternak lenge var forelska i.

Pasternak vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1958, men avslo - sannsynlegvis etter press frå sovjetiske myndigheiter. Han døydde av lungekreft i Peredelkino den 30. mai 1960.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Boris Pasternak