Boris Sjeremetev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Sjeremetev

FøddБори́с Петро́вич Шереме́тев
25. april 1652
Moskva
Død17. februar 1719
Moskva
Alle titlargreve
Hus eller slektSheremetev family
GravstadLazarevskoje kladbisjtsje
LandDet russiske tsardømet
MorQ56282582
FarPyotr Sheremetev
EktefelleAnna Saltykova, Yevdokiya Chirikova
BarnMIkhail Sheremetev, Pjotr Sjeremetev, Natalia Sheremeteva, graf Avgust Borisovich Sheremetev, Sofya Sheremeteva, Anna Sheremetev, Sergey Sheremetev, Vera Sheremeteva, Yekaterina Sheremeteva

Boris Petrovitsj Sjeremetev (16521719) var ein russisk adelsmann som vart den første russiske greven i 1706, og var òg diplomat og feltmarskalk under den store nordiske krigen. Av borna hans finn ein Pjotr Sjeremetev og Natalia Sjeremeteva.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

I ungdomen var Sjeremtev ven av tsar Aleksej I før han starta ei militær karriere. Frå 1671 tente han i hoffet til tsaren. I 16781 var han leiar ved Tambov, og kommanderte armeane som kjempa mot Krim-khanatet, og frå 1682 var han ein bojar. Frå 1685 til 1687 deltok han i forhandlingane og avsluttinga på «den evige freden av 1686» med Polen og den allierte avtalen med Austerrike. Frå slutten av 1687 kommanderte han armane i Belgorod og forsvarte den sørlege grensa til Russland og deltok i Krim-felttoga.

Etter at Peter I kom til makta i 1689, slo tsaren seg saman med Sjeremetev i felttoget. Han deltok i lag med Ivan Masepa i krigen mot Tyrkia i 1690-åra. Under Azov-felttoga i 1696-1696 kommanderte han armeane ved Dnepr i kampane mot Krim-tatarane. I 1697–99 hadde han diplomatiske oppgåver i Polen, Austerrike, Italia og Malta. I 1698 sende tsar Peter ein delegasjon til Malta under Sjeremetev for å observere treninga og kunnskapen til riddarane av Malta og flåten deira. Sjeremetev såg òg på høvet til å samarbeide med riddarane, mellom anna mot tyrkarane og kanskje opprette ein russisk marinebase der.[1]

Den store nordiske krigen[endre | endre wikiteksten]

Under den store nordiske krigen (1700–1721) synte Sjeremetev seg som ein dugandes, men forsiktig og treig militær leiar. Under krigen var han øvstkommanderande og den mest erfarne offiseren i den russiske armeen. Sjeremetev var særs forsiktig i rørslene sine, men var meir effektiv enn den yngre prins Mensjikov, nestkommanderande som var meir impulsiv og ikkje alltid like suksessfull.

I 1700 deltok han i det russiske åtaket på Narva under starten av den store nordiske krigen, menv art driven tilbake frå stillinga i Estland av Karl XII av Sverige. Han vart så kommandant for dei russiske styrkane som kjempa mot den svenske armeen i Baltikum. Sjeremetev vart først slått av W.A. Schlippenbach i Rauge i 1701, men vann seinare i Erastfer. Denne sigeren gav han tittelen feltmarskalk, og han følgde opp med ein ny siger i slaget ved Hummelshof i 1702. Han tok så festningane i Nöteborg og Nyenskans i 1703 (slik at byen St. Petersburg kunne grunnleggast) og dei viktige baltiske byane Dorpat og Narva i 1704. I 1705 vart han send til Astrakhan, der han med makt klarte å undertrykke Astrakhan-opprøret.

Seinare i den store nordiske krigen møtte Sjeremetev den svenske generalen Lewenhaupt i kamp, som slo han i Gemäuerthof i 1705, og Karl XII, som slo han i Holowczyn. Han fekk hemn i slaget ved Poltava, der han var den mest erfarne russiske kommandanten og den svenske armeen vart grundig slått av den russiske armeen. Han kommanderte armeane som erobra Riga i 1710. Han leia så hovudstyrken av armeen i Prut-felttoget. I kampar mot Tyrkia i 1711 vart han omringa ved Prut. I 1715–17 kommanderte han armeane i Pomorze og Mecklenburg.

Sjølv om han sympatiserte med forsøka til Peter den store på å vestleggjere Russland, vart han aldri nær ven av tsaren. Han døydde i Moskva i 1719, og vart gravlagd i St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. februar 2008, henta 5. desember 2010