Boris Stenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boris Stenin
Boris Stenin 1960a.jpg
Fødd 17. januar 1935
Jekaterinburg
Død

18. januar 2001
Moskva

Yrke skøyteløpar, skøytetrener
Boris Stenin på Commons

Boris Andrianovitsj Stenin (17. januar 193518. januar 2001) var ein russisk skeiseløpar frå Sverdlovsk som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i 1960 og kom på andreplassen i EM same vinteren.

Stenin meisterskapsdebuterte i EM 1959 i Göteborg, der han enda på sjuandeplassen. OL-sesongen 1960 vart han store sesong. Det tok til med siger i sovjetmeistermeisterskapen og heldt fram med andreplass ved EM 1960 på Bislett stadion i Oslo, der han var sjanselaus mot norske Knut Johannesen. Fjorten dagar seinare var han derimot heilt suveren då VM 1960 fann stad i Davos, sigersmarginen vart til sist på over 2,7 tidspoeng. Særleg imponerte han på 1500 meter, der han slo nestemann med 2,7 sekundar. Han vart då den største favoritten på 1500 m under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men enda med bronsen på distansen, eit heilt sekund bak gullvinnarane, landsmannen Jevgenij Grisjin og Roald Aas frå Noreg.

Etter å hamna litt lågare på resultalistene ved meisterskapane i 1961, var Stenin med i kampen om laurbærkransane ved EM 1962 og VM same året. Under EM i Oslo fekk han bronseplassen, medan han enda utanfor pallen med fjerdeplass i VM 1962.

Stenin var trenar for det sovjetiske kvinnelandslaget frå 1973 til 1984. Han var gift med Valentina Stenina, trefaldig verdsmeister på skeiser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Boris Stenin – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.