Boris Vilkitskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boris Andrejevitj Vilkitskij (3. april 18856. mars 1961)[1] var ein russisk sjømilitær og hydrograf som utførte fleire ekspedisjonar i Nordishavet og gjorde systematiske forsøk på å sigla frå Stillehavet til Europa. Vilkitskijsundet og fleire russiske øyar er kalla opp etter han.

Vilkitskij var fødd i Pulkovo i Sankt Petersburg. Han gjekk ut frå marineakademiet i byen i 1908. I 1913 var han leiar av ein russisk som vitja Bennettøya og Nysibirøyane. Ekspedisjonen kom dit frå Beringssundet og oppdaga under ferda nytt land noko nord om Kapp Tjeljuskin. Dette kalla dei «Keisar Nikolais land», no Severnaja Zemlja, den siste øygruppa som vart oppdaga på jorda. I 1915 nådde Vilkitskij Archangelsk, og blei deretter den andre som reiste gjennom Nordaustpassasjen.

Boris Vilkitskij utvandra til Vest-Europa i 1920, kort tid etter den russiske revolusjonen. I 1923 og 1924 leidde han handelsekspedisjonar til Karahavet. Seinare arbeidde han som hydrograf i Belgisk Kongo. Han døydde i Brussel i 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fødselsdatoen var 22. mars etter den julianske kalenderen