Borislav Mikhajlov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borislav Mikhajlov
Bobi mihailov.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Borislav Biserov Mikhajlov
Fødd 12. februar 1963 (57 år)
Fødestad Sofia i Bulgaria
Høgd 186 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981–1989
1989–1991
1992–1994
1994–1995
1995–1997
1997–1998
1998–1999
Levski Sofia
Belenenses
Mulhouse
Botev Plovdiv
Reading
Slavia Sofia
Zürich
180 (0)
29 (0)
65 (0)
20 (0)
24 (0)
14 (0)
1 (0)
Landslag
1983–1998 Bulgaria 102 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Borislav Biserov Mikhajlov (fødd 12. februar 1963 i Sofia) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar, med 102 kampar for det bulgarske fotballandslaget. Han spelte på klubbnivå for Levski Sofia, Belenenses, Mulhouse, Reading, Botev Plovdiv, Slavia Sofia og FC Zürich. Han vart kåra til årets fotballspelar i Bulgaria i 1986. Han er faren til ei anna bulgarsk fotballmålvakt, Nikolaj Mikhajlov.

Mikhajlov vart president for det bulgarske fotballforbundet i 2005.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Mikhajlov byrja seniorkarrieren sin i 1981 hos storklubben Levski Sofia i heimbyen. Tida hos hovudstadsklubben vart både hans mest langvarige og suksessrike periode. Gjennom sesongane i klubben vann han tre seriemeisterskap og tre pokalsigrar. I 1989 valde han å forlate heimlandet, og skreiv kontrakt med Belenenses i Portugal. Han spelte etterfølgjande år òg for franske FC Mulhouse, føre turen i 1994 gjekk til Botev Plovdiv. I 1995 skreiv han kontrakt med den engelske klubben Reading som på dåværande tidspunkt var på det nest høgste nivået av det engelske ligasystemet. Opphaldet i England vart ikkje nokon suksess, og etter to år med moderat speletid reiste Mikhajlov attende til Bulgaria for å spele for Slavia Sofia. Han avslutta karrieren sin i sveitsisk fotball for FC Zürich.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Mikhajlov er med 102 kampar innehavar av kamprekorden for flest landskampar for det bulgarske landslaget, som han representerte mellom 1983 og 1998. Han deltok òg i VM-sluttspel i 1986, 1994 og 1998. Størst suksess fekk han i sluttspelet i VM i 1994, der han leia Bulgaria til semifinalen som dei til slutt tapte for Italia. Han deltok dessutan i EM i 1996 og VM i 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]