Born Under a Bad Sign

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Born Under a Bad Sign
Song av Albert King
frå albumet Born Under a Bad Sign
Språk engelsk
Utgjeve 1967
Sjanger Blues, bluesrock
Lengd 2:44
Selskap Stax Records
Komponist William Bell
Tekstforfattar Booker T. Jones
Låtskrivar(ar) Bell/Jones

«Born Under a Bad Sign» er ein song skriven av Booker T. Jones (musikk) og William Bell (tekst)[1] opphavleg spelt inn av Albert King som tittelsporet for albumet hans Born Under a Bad Sign i 1967. Det er spelt inn mange coverversjonar av songen, mellom anna av bluesbandet Paul Butterfield Blues Band, den britiske rockegruppa Cream, Paul Rodgers og gitaristen Jimi Hendrix.

Stil og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Stilen på «Born Under a Bad Sign» er eit varemerke hos Albert King seint i 1960-åra. Sologitaren er lys, nasal og skarp, delvis fordi Albert King valde ein spesialbygd Gibson-gitar med signalfangar på halsen.

Dei mange coverversjonane syner at Albert King ikkje berre var viktig som bluesgitarist, men òg som rockegitarist. Jimi Hendrix si utgåve av songen er i røynda ein lang gitarsolo som utforskar dei unike fraseringa til King.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Booker T. Jones: Onions, Potatoes, Other Essentials (interview) at 13:30». Fresh Air from WHYY - National Public Radio. 1. mai 2009. Henta 12. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]