Bornsjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bornsjön
innsjø
Bornsjön 2010a.jpg
Bornsjön mot vest, november 2010.
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Utløp Til Mälaren ved Vällinge
Nedslagsfelt 49 km²
Høgd over havet 10,9 moh
Areal 6,6 km²
Volum 59,6 millionar m³
Wikimedia Commons: Bornsjön

Bornsjön er ein innsjø på Södertörn i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen ligg ca. 20 km sørvest for Stockholm, og innanfor Bornsjöns naturreservat, der han har vore freda sidan 1920.

Vassforsyningsreserve[endre | endre wikiteksten]

Skilt som informerer om vassvernsområde.

Bornsjön med omgivnader vart kjøpt opp av Stockholm by alt ved kring 1900 med tanke på sikring av vasstilførsla til byen som vassforsyningsreserve. Norsborgs vattenverk vart bygd kort tid etter i Norsborg, og råvatnet vart i byrjinga henta frå Bornsjön, men seinare Mälaren.

Bornsjön med omgjevnader er for tida eit vassvernsområde, noko som inneber at innsjøen ikkje får nyttast til andre formål. Ein kan til dømes ikkje bade eller fiske i innsjøen, og heller ikkje gå på isen på vinteren. Det reine vatnet i Bornsjön vil bli nytta som vassforsyning for Stockholm dersom hovudkjelda til vasstilførselen til byen, Mälaren skulle bli forureina.

Sidan 1993 har eigedomane rundt innsjøen vore i eige, og vorte drifta, av Stockholm Vatten. Målet er ei langsiktig sikring av Bornsjön som kjelde til vassforsyning. Skogbruk i området blir drive forsiktig og utan bruk av kjemikaliar, og jordbruksdrifta er underlagt restriksjonar. For å følgje med tilstanden i innsjøen vert det stadig teke prøver av både vatnet i innsjøen og elvane som munnar ut her.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

På grunn av fråveret av båttrafikk på innsjøen, hekkar sjeldne fuglearter som storlom og fiskeørn her.

I 2004 vart Bornsjön råka av krepsepest som følgje av ulovleg utsetting av signalkreps. Stockholm vatten har sidan då freista gjeninnføring av det sterkt truga edelkrepsen.

Bornsjöns naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Bornsjöns naturreservat er eit naturreservat i Stockholms län, som strekkjer seg inn i tre kommunar: Salem, Botkyrka og Södertälje. Naturreservatet er ca 4600 hektar, og vart etablert i 1995. Hovudvassføringa i naturreservatet er Bornsjön.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°14.40′N 17°45.39′E