Borradaile Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°35′S 162°45′E
Borradaile Island
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Del av Ballenyøyane
Koordinatar 66°35′S 162°45′E

Borradaile Island
66°34′3″ S 162°36′31″ E
Borradaile Island is located in Antarktis
Borradaile Island (Antarktis)

Borradaile Island er ei av Ballenyøyane. Dette var den første landmassen sør for Den antarktiske polarsirkelen som nokon sette fot på og her ligg ein «merkverdig tind» kalla Beale Pinnacle, nær Cape Beale på søraustkysten, og Cape Scoresby på nordvestkysten.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Borradaile Island vart oppdaga i februar 1839 av John Balleny, som namngav han etter W. Borradaile, ein av handelsmennene som i lag med Charles Enderby støtta ekspedisjonen økonomisk.[1] Kaptein Freeman på kutteren «Sabrina» var den første som gjekk i land på øya den 12. februar 1839. Han var ei kort stund i land på landtunga nordvest på øya. Dette var første gongen eit menneske sette fot på land sør for Den antarktiske polarsirkelen.[2] Øya vart ikkje vitja igjen før 29. februar 1948 då eit lag av australiarar, inkludert Phillip Law og Stuart Campbell, gjekk i land på same staden frå HMAS «Wyatt Earp».[3]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Borradaile Island er kring 2 nautiske mil lang og 1 nautisk mil brei og ligg 4 nautiske mil søraust for Young Island.[1] Cape Scoresby (66°34′S 162°45′E) er ei høg skrent som markerer nordenden av Borradaile Island. Ho vart kartlag av personell frå RSS «Discovery II», som kartla nordenden av Ballenyøyane i 1936–1938. Cape Scoresby er kalla opp etter RRS «William Scoresby», eit forskingsskip som følgde «Discovery II» i det oseanografiske arbeidet som vart utført i Antarktisk på denne tida,[4] og som igjen er kalla opp etter den arktiske polfararen William Scoresby. Beale Pinnacle (66°36′S 162°45′E) er ei støvelforma tynn klippe som er 60 meter høg og som ligg utanfor Cape Beale, ein bratt skrent på søraustsida av øya. Begge er kalla opp etter W. Beale.[5][6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Borradaile Island». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 17. oktober 2012. 
  2. William J. Mills (2003). «Balleny Islands (Antarctic)». Exploring Polar Frontiers: a Historical Encyclopedia 1. ABC-CLIO. s. 57. ISBN 978-1-57607-422-0. 
  3. T. Hatherton, E. W. Dawson & F. C. Kinsky (1965). «Balleny Islands Reconnaissance Expedition, 1964». New Zealand Journal of Geology and Geophysics 8 (2): 161–179. 
  4.  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Scoresby» (innhald frå Geographic Names Information System).
  5.  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Beale Pinnacle» (innhald frå Geographic Names Information System).
  6.  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Beale» (innhald frå Geographic Names Information System).

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Borradaile Island» (innhald frå Geographic Names Information System).