Borre prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°23′01″N 10°27′49″E / 59.38348°N 10.46360°E / 59.38348; 10.46360

Prestegarden sett frå aust
Foto: Knut Riksen jr (2011)

Borre prestegard ligg nordaust for Borre kyrkje i Horten kommune. Prestegarden og middelalderkyrkja på Borre ligg rett opp for Borrehaugane. Det meste av Borrehaugane ligg på det som var prestegarden sin grunn.

Tunet består av hovudbygning med sidefløy, ein stor driftsbygning og eit par uthus. Hovudhuset er eit toetasjes laftebygg med ståande panel og symmetrisk utforma langfasadar. Forpaktarbustaden er bygd i vinkel på hovudbygningen og er truleg frå same tid. Desse skal vere oppførte i 1769–70, medan Søren Sigvart var sokneprest i Borre. Prestegarden, og særleg forpaktarbustaden, har vore gjennom store endringar, og dei har vorte restaurerte dei seinare åra. Prestebustaden (hovudhuset) stod ferdig høsten 1999 og forpaktarbustaden (sidebygningen) i 2010. Hovudbygning med sidefløy vart freda i 1991.

Borre prestegard er eigd av Opplysningsvesenets fond.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Borre prestegard