Borreslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borreslekta
Villtakjas 2008.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Carduoideae
Stamme: Cynareae
Slekt: Borreslekta Arctium
L., 1753

Borreslekta (Arctium) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Plantane i slekta store og grove med store, breie blad og raude blomstrar. Korgene er kulerunde, korgdekkblada endar i ein skarp krokspiss. Når fruktene er modne, har korgene lett for å huka seg fast i dyr og menneske som går forbi, og på denne måten blir plantane spreidde.[1]

Slekt omfattar 5 artar. 4 av dei er funne i Noreg. Dei er særs nærstående og dannar ofte hybridar med kvarandre. Vanlegast er småborre, andre artar er storborre, skuggeborre og ullborre.[1]

Røttne av borre har før spelt ei stor rolle i folkemedisinen som middel mot ulike typar sjukdommar, særleg skulle dei hjelpa godt mot håravfall.[1]

Borre har mange norsk dialektnamn, som klengja og kåteblom (Telemark), kleikj (Innherred), klunge (Vest-Agder), luseblad (Sunnmøre og Nordfjord) og lungegras (Vest-Agder).[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «borre». Store norske leksikon (på norsk). 30. desember 2015.