Boss of the Plains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boss of the Plains-hatt

Boss of the Plains var ein lett allvêrshatt for bruk i Vesten i USA. Han blei utforma i 1865 av John B. Stetson med føremåla om å vera varig, vasstett og elegant.[1] Utforminga og nemninga Stetson kom etterkvart til å bli nær synonymt med det som seinare blei kjend som cowboyhatt.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Dodge City Peace Commission, nokre av dei med Boss of the Plains

Boss of the Plains blei utforma med høg pull for å gje isolasjon på toppen av hovudet og ein vid brem som kunne skugga andlet, hals og skuldrer. Han var både lett og haldbar.[2] Han hadde naturleg farge og eit enkelt sveitteband,[3] laga å verna hatten.[4] Etter tradisjonen frå tidlegare utformingar var det ei sløyfe på dette bandet. Dette skilde framsida frå baksida av hatten.

Den opphavlege hatten var av pelsfilt og var vasstett. Stetson hadde grunna på korleis han kunne gjera hatten vasstett i mange år, og tok til slutt avgjerda om å bruka filt laga av beverpels.[5] Til ein hatt av god kvalitet trengde ein magepelsen til rundt 42 beverar.[6] Den tette samanfiltringa på dei fleste stetsonhattane gjorde dei så vasstette at dei kunne brukast som ei bøtte.[7][8][9] Stetson reklamerte med ein cowboy som vatna hesten ved å frakta vatn i hatten til han. Det blir også fortald om ein cowboy som berga livet då han skulle kryssa eit tørt stykke prærire og vassflaska hans gjekk lekk. Han frakta då nok vatn i stetsonhatten sin til å klara seg.[10]

Ein hatt av god kvalitet og i god stand var også rekna som eit statussymbol nokre stader.[9]

Tilpassing og endring[endre | endre wikiteksten]

Apachepar der mannen ber Boss of the Plains-hatt.

Den opphavlege utforminga av Boss of the Plains med rette sider, runde hjørne og flat brem blei verande den viktigaste i rundt tjue år.[11] Dei fleste fotografi av hatten frå 1800-talet viser han med denne uforma pullen, utan nokre foldar laga med vilje.[12] Etterkvart blei dei likevel forma gjennom bruk, misbruk eller forming av eigaren. Særleg pullen blei gjerne folda, først gjennom bruk, seinare som eit personleg val. Bremmen kunne rullast eller bøyast. I tillegg kunne eigarar av og til pynta hatten. Den individuelle utforminga reflekterte ofte kvar eigaren budde eller arbeidde, og i nokre høve kunne ein identifisera cowboyar på einskildranchar gjennom folden på hatten deiar.[13]

Etterkvart blei også utforminga av hatten frå produsenten endra. Den første populære endringa var den lange folden frå den høge baksida til framsida av hatten, kjend som Carlsbad crease eller Carlsbad-folden etter ein stil brukt i Carlsbad i New Mexico. Ei anna utforming som bygde på den spisse toppen til ein meksicansk sombrero, spreidde seg nordover og blei kjend som ein Montana peak eller Montana-spiss. Denne hadde fire foldar som opphavleg var blitt laga ved å halda hatten med fire fingrar.

Popularisering[endre | endre wikiteksten]

Filmstjerna Tom Mix med ein Stetson-hatt.

Hattane til Stetson blei populariserte gjennom underhaldarar som presenterte cowboykultur og den amerikanske Vesten til eit vidare publikum seint på 1800-talet og tidlege på 1900-talet. Eit døme på dette er Buffalo Bill, som fekk spesiallaga hattar med svært vide bremmar til sine Vill Vest-show. Seinare blei det laga hattar for Hollywood, som den såkalla ten-gallon-hatten brukt i westernfilmar.

Over tid blei arbeidshatten til ranch-cowboyen omforma av underhaldarar og rodeo-deltakarar til å bli ein del av cowboy-imaget. Ulike kjendisar, politikarar og liknande har til ulike tider brukt avleiingar av Boss of the Plains-hatten for å markera tilhøyrsel til kulturen og verdiane frå den gamle Vesten.[14] Den Boss of the Plains-inspirerte utforminga som utvikla seg til cowboyhatten har stort sett vore uendra sidan den første hatten blei laga i 1865, med ei form som følgde funksjon.[15]

Grunnleggjaren av speidarrørsla Robert Baden-Powell lærte om nytta av Boss of the Plains-hatten av Frederick Russell Burnham under Den andre Matabelekrigen i 1896-97. I samband med omleiringa av Mafeking under Den andre boarkrigen gjorde han stilen kalla lemon squeezer - flat brem med fire foldar ved klokkeposisjonane 12, 3, 6 og 9 - kjend. Då When Baden-Powell grunnla South African Constabulary i 1900 valde han Boss of the Plains som uniformshatt. Seinare tok Baden-Powell i bruk hatten til speidarrørsla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bender, Texan Bix. (1994) Hats & the cowboys who wear them. ISBN 1-58685-191-8
  • Carlson, Laurie. (1998) Boss of the Plains, the hat that won the West. ISBN 0-7894-2479-7
  • Manns, William. (1997) Cowboys & the Trappings of the Old West. ISBN 0-939549-13-1
  • Reynolds, William and Rich Rand (1995) The Cowboy Hat book. ISBN 0-87905-656-8
  • Snyder, Jeffrey B. (1997) Stetson Hats and the John B. Stetson Company 1865-1970. ISBN 0-7643-0211-6

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Flanagan, Mike (1999). The Complete Idiot's Guide to the Old West, s. 239. ISBN 0-02-862945-0.
  2. Cowboys & the Trappings of the Old West by William Manns, s. 22 ISBN 0-939549-13-1
  3. Snyder, Jeffrey B. (1997) Stetson Hats and the John B. Stetson Company 1865-1970. Pg 50 ISBN 0-7643-0211-6
  4. Wolff Edwin D. Why We Do It (1929) ISBN 0-8369-1006-0
  5. Chamber's journal, Published by Orr and Smith, 1952, pg 200, Original from the University of Michigan
  6. Nicholas Hillier, Calgary Hat Doctor, arkivert frå originalen 4. februar 2007 
  7. Reynolds, William and Rich Rand (1995) The Cowboy Hat book, s 11 ISBN 0-87905-656-8
  8. Snyder, Jeffrey B. (1997) Stetson Hats and the John B. Stetson Company 1865-1970. s 34 ISBN 0-7643-0211-6
  9. 9,0 9,1 Blevins, Winfred Dictionary of the American West: over 5,000 terms and expressions from Aarigaa! to Zopilote (2001) s 370 ISBN 1-57061-304-4
  10. Flemmons, Jerry, Curmudgeon in corduroy: the best of Jerry Flemmons' Texas, s. 96 ISBN 0-87565-217-4
  11. Snyder, Jeffrey B. (1997) Stetson Hats and the John B. Stetson Company 1865-1970 1997 ISBN 0-7643-0211-6 s 73
  12. In search of the real cowboy hat, Cowboy Chronicle, April 2004
  13. Blevins, Winfred. Dictionary of the American West: over 5,000 terms and expressions from Aarigaa! to Zopilote (2001) s. 371 ISBN 1-57061-304-4
  14. Snyder, Jeffrey B. (1997) Stetson Hats and the John B. Stetson Company 1865-1970 1997 s. 5 ISBN 0-7643-0211-6
  15. Reynolds, William and Rich Rand (1995) The Cowboy Hat book. Pg 8 ISBN 0-87905-656-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Boss of the Plains