Boston
Boston | |||
Motto: Sicut patribus sit Deus nobis | |||
Fylke | Suffolk County | ||
---|---|---|---|
Areal | 232,1 km² | ||
Type | by | ||
Folketettleik | 4 924 / km² | ||
Grunnlagd | 17. september 1630 | ||
Borgarmeister | Thomas M. Menino (D) | ||
Tidssone | Eastern UTC-5 | ||
![]() Boston | |||
Wikimedia Commons: Boston | |||
Nettstad: http://www.cityofboston.gov | |||
Boston er hovudstaden og den største byen i delstaten Massachusetts i USA. Boston er òg den største byen i regionen New England og er derfor ofte sett på som ein slags hovudstad i New England. Byen er ein av dei eldste og mest velståande i USA, med ein økonomi basert på utdanning, helsestell, finans og høgteknologi. Boston har nærare 620 000 innbyggarar. Saman med mellom anna kommunane Cambridge og Newton dannar Boston eit samanhengande byområde med nærmare 5 millionar innbyggarar.
Byen blei grunnlagt 17. september 1630 og er oppkalla etter Boston i England. Boston har spelt ei sentral rolle i historia til USA. Frigjeringskrigen frå Storbritannia starta her gjennom Boston Tea Party. Boston er mellom dei fremste både når det gjeld kultur og utdanning og har ei rekke kjente institusjonar på desse områda.
Boston blir styrt av ein borgarmeister og eit City Council. Borgarmeisteren, som er den dominerande styresmakta, blir valt for ein periode på fire år. Bystyret blir valt for ein periode på to år.
Kjende utdanningsinstitusjonar[endre | endre wikiteksten]
- Boston College
- Boston University
- Northeastern University
- New England Conservatory
- Berklee College of Music
Kultur[endre | endre wikiteksten]
Boston har ei rekke kjente kulturinstitusjonar
Sport[endre | endre wikiteksten]
- Boston Celtics (Basket)
- Boston Red Sox (baseball)
- Boston Bruins (ishockey)
- Boston Marathon