Bosumtwi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bosumtwi
innsjø
Land  Ghana
Areal 49 km²
Djupn 45 m
Største djupn 81 m
Kart
Bosumtwi
6°30′20″N 1°24′33″W / 6.5055555555556°N 1.4091666666667°W / 6.5055555555556; -1.4091666666667
Wikimedia Commons: Lake Bosumtwi

Bosumtwi er den einaste naturlege innsjøen i Ghana. Han ligg 32 kilometer søraust for Kumasi. Sjøen blei skapt av eit meteorittnedslag, og han ligg i eit djupt, sirkulært krater omgjeve av særs steile fjellsider. Bosumtwi-krateret har ein diameter på cirka 10,5 km.[1] Det er estimert til å vera 1,07 millionar år gammalt (pleistocen).[2][3]

Satellittbilde av sjøen.

Bosumtwisjøen er ein heilag sjø for ashantifolk i området. Ifølgje tradisjonelle overleveringar kjem sjelene til avdøde til sjøen for å seia farvel til gudinna Asase Ya. På grunn av dette er det avgrensa korleis ein kan fiska i sjøen; berre fiske frå treplankar er tillate. Nokre av fiskeartane i sjøen er den endemiske cikliden Hemichromis frempongi og dei nær endemiske ciklidane Tilapia busumana og T. discolor.[4][5][6]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bosumtwi». LakeNet. Henta 18. februar 2007. 
  2. «Bosumtwi». Earth Impact Database. University of New Brunswick. Henta 12. august 2009. 
  3. Koeberl, C.; Milkereit, B.; Overpeck, J.T.; Scholz, C.A.; Amoako, P.Y.O.; Boamah, D.; Danuor, S.; Karp, T.; Kueck, J.; Hecky, R.E.; et al. (2007). «An international and multidisciplinary drilling project into a young complex impact structure: The 2004 ICDP Bosumtwi Crater Drilling Project—An overview». Meteoritics & Planetary Science 42 (4–5): 483–511. Bibcode:2007M&PS...42..483K. doi:10.1111/j.1945-5100.2007.tb01057.x. 
  4. Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2012). "Hemichromis frempongi" i FishBase. Versjonen frå februar 2012.
  5. Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2012). "Tilapia busumana" i FishBase. Versjonen frå februar 2012.
  6. Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2012). "Tilapia discolor" i FishBase. Versjonen frå februar 2012.