Botan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Botan
elv
Botan
Land  Tyrkia
Middelvassføring 100–300 /s
Munning Tigris
 - koordinatar 37°43′36″N 41°46′35″E / 37.7266°N 41.7764°E / 37.7266; 41.7764
Kart
Botan
38°05′N 43°34′E / 38.09°N 43.56°E / 38.09; 43.56
Wikimedia Commons: Botan River

Botan (tyrkisk Botan Çayı, Botan Suyu eller Uluçay) er ei sideelv til Tigris i provinsen Siirt søraust i Tyrkia.

Ho spring ut i dei høge fjella vest for Nordüzplatået, som dannar grensa mellom provinsen Siirt og Hakkari og Van, og renn austover før ho svingar nordvestover. Elva har skore ut ein canyon langs leia si. Høgdeskilnaden mellom dalbotnen og toppen av fjella er kring 1000 meter.[1]

Elvane Çatak og Büyükdere renn saman ved Çukurca i provinsen Hakkari, og etter dette vert ho kalla Botan Suyu (Uluçay). Ho renn vestover, aust for Aydınlar og Siirt, og når Bostancık. Her mottar ho Zorava og Bitlis. Til slutt, ved Çattepe i provinsen Siirt, munnar ho ut i Tigris, før Tigris her brått svingar sørover.[1]

Vassføringa i Botan varierer, 400–600 m³/s i april og juni og 700–1000 m³/s og stundom meir i mai. I denne perioden ser elva mektigare ut enn Tigris. Mot slutten av sommaren og hausten er djupna i elva mindre enn ein meter og vassføringa mindre enn 60–80 m³/s.[1]

Det er berre mogeleg å krysse elva i båt. Elva renn gjennom, smale, djupe og bratte dalar, og det er lite låglandsområde langs leia, noko som gjer at elva ikkje er nytta til kunstig vatning.[1]

Det er planlagt bygd sju demningar langs Botan.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Botan Suyu (Uluçay)» (på tyrkisk). Siirt İl Kültür ve Turizm Müdürlüğü. Henta December 14, 2008. 
  2. Donat, Yavuz (November 15, 2008). «Botan Vadisi'nde bir gün» (på tyrkisk). Siirtce. Henta December 16, 2008.