Both Sides

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Both Sides
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 8. november 1993[1]
Innspelt 1992–1993
Studio Heimestudioet til Collins i England
Lengd 67:10
Selskap Virgin
Produsent Phil Collins
Phil Collins-kronologi
«Serious Hits... Live!»
(1990)
Both Sides «Dance into the Light»
(1996)


Singlar frå Both Sides
  1. «Both Sides of the Story»
    Utgjeve: 18. oktober 1993
  2. «Everyday»
    Utgjeve: 27. januar 1994
  3. «We Wait and We Wonder»
    Utgjeve: 29. april 1994
  4. «Can't Turn Back the Years»
    Utgjeve: 1994 (promo)[2]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Entertainment WeeklyB− lenkje
Gullmine3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg lenkje
The Irish News4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg lenkje
PopMatters6/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Powermetal.de9/10 lenkje
Rolling Stone2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Scunthorpe Telegraph10/10[4]

Both Sides er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det er basert på ein vaksen-orientert softrock og kom ut i november 1993. Collins skapte heile albumet sjølv, utan hjelp frå andre låtskrivarar eller musikarar, og han fekk middels til positive meldingar får kritikarane. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at albumet hadde «kunstnarisk tilfredsstillande» songar med «urolege, ugløymelege soger».[3]

Albumet selde særs godt og gjekk til topps i Storbritannia og nådde åttandeplassen i Australia og 13. plassen i USA. Collins drog ut på ein suksessrik turné etter albumet med over hundre konsertar.[5]

Ei dobbel spesialutgåve av albumet med EP-en Live from the Board – Official Bootleg[6] som ei plate nummer to,[7] kalla Far Side... of the World: Gold Souvenir Tour Edition kom ut i Søraust-Asia og Australia i 1995. Denne nådde 13. plassen i Australia.[8]

Ei nyleg ommastra luksusutgåve på to plater kom ut i januar 2016 som ein del av serien Take a Look at Me Now med nyutgjevingar av studioplaten til Collins.[9]


Historie[endre | endre wikiteksten]

Both Sides var kjend for at Collins laga plata heilt på eiga hand, utan sine faste samarbeidspartnarar som produsenten Hugh Padgham, gitaristen Daryl Stuermer, bassisten Leland Sklar og the Phenix Horns. I løpet av ein periode på berre seks veker spelte Collins inn alle instrumenta sjølv og produserte heile albumet. Stilen på albumet skil seg derfor frå dei førre albuma til Collins.

Dette er det einaste albumet til Collins der han spelar alle instrumenta sjølv utan samarbeid frå andre musikarar. I plateomslaget skreiv Collins ei forklaring til kva kvar song handla om. Collins uttrykte både sine eigne kjensler og private problem og skreiv om politiske saker på albumet.

Both Sides fekk ei lunken mottaking av somme kritikararr og vart kritisert for hovudsakleg langsame, mørke songar. Tittelsporet på albumet vart gjeve ut som singel og nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 25. plass i USA, noko som var skuffande sidan dei første singlane frå dei to førre albuma hans hadde gått rett til topps i USA. Sjølve albumet nådde berre 13. plass i USA, men selde likevel etter kvart til platina der. Albumet gjorde det godt i fleire europeiske land, som i Storbritannia (der det vart det åttande mest selde albumet i 1993), Tyskland og Sveits, og nådde førsteplassen fleire stader i Europa. Balladen «Everyday» kom ut på singel tidleg i 1994 og nådde 15. plassen i Storbritannia, og vart den mest suksessrike singelen frå plata i USA med ein 24. plass på Billboard Hot 100 og ein andreplass på Adult Contemporary-lista. Den tredje og siste singelen, «We Wait and We Wonder», nådde berre 45. plassen i Storbritannia.

Sjølv om albumet ikkje gjorde det like godt som …But Seriously og No Jacket Required, vart turneen etter albumet ein stor suksess. Turneen varte 13 månader med 150 konsertar fordelt på seks verdsdelar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins.

Nr.TittelLengd
1.«Both Sides of the Story»6:42
2.«Can't Turn Back the Years»4:40
3.«Everyday»5:43
4.«I've Forgotten Everything»5:15
5.«We're Sons of Our Fathers»6:24
6.«Can't Find My Way»5:09
7.«Survivors»6:05
8.«We Fly So Close»7:33
9.«There's a Place for Us»6:52
10.«We Wait and We Wonder»7:01
11.«Please Come Out Tonight»5:46
Live from the Board – Official Bootleg - bonusplate frå 1995[6]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sussudio»Collins7:09
2.«Easy Lover» (med Nathan East og Arnold McCuller)Collins, Philip Bailey, East5:02
3.«Separate Lives» (med Amy Keys og Arnold McCuller)Stephen Bishop6:15
4.«My Girl»Smokey Robinson, Ronald White3:48
Bonusplata Extra Sides frå 2016[9]
Nr.TittelLengd
1.«Take Me with You» (B-side)5:22
2.«Both Sides of the Story» (live 1994)8:11
3.«Can't Turn Back the Years» (live 1994)6:54
4.«Survivors» (live 1994)6:42
5.«Everyday» (live 1994)6:03
6.«We Wait and We Wonder» (live 2005)7:42
7.«Can't Find My Way» (demo)4:48
8.«I've Been Trying»5:01
9.«Both Sides of the Story» (Unplugged)5:20
10.«Hero» (demo)4:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikar[endre | endre wikiteksten]

Alle instrument framført av Phil Collins.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av Phil Collins
  • Lydteknikar: Paul Gomersall
  • Assisterande lydteknikar: Mark Robinson
  • Mastera av Bob Ludwig i Gateway Mastering (Portland, Maine, USA)
  • Fotografi av Trevor Key
  • Kunst: Hills Archer Ink

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993) Plassering
Australske album (ARIA)[10] 8
Austerrikske album (Ö3 Austria)[11] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[12] 3
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[13] 3
Kanadiske album (RPM)[14] 6
Den danske albumlista (Hitlisten)[15] 6
Nederlandske album (MegaCharts)[16] 1
Finnish Albums (Suomen virallinen lista)[17] 6
Franske album (SNEP)[18] 1
Tyske album (Media Control)[19] 1
Ungarske album (MAHASZ)[20] 23
Italienske album (FIMI)[21] 1
Den japanske albumlista (Oricon)[22] 21
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[23] 7
Norske album (VG-lista)[24] 4
Portuguese Albums (AFP)[25] 1
Spanske album (AFYVE)[26] 3
Svenske album (Sverigetopplistan)[27] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[28] 1
Britiske album (OCC)[29] 1
US Billboard 200[30] 13

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[31] Platina 70 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[32] Platina 50 000x
Belgia (BEA)[33] Gull 25 000*
Brasil (ABPD)[34] Gull 100 000*
Danmark (IFPI Danmark)[35] Gull 25 000^
Frankrike (SNEP)[36] Platina 300 000*
Tyskland (BVMI)[37] 3× Platina 1 500 000^
Italia (FIMI)[38] 2× Platina 200 000*
Japan (RIAJ)[39] Gull 100,000^
Nederland (NVPI)[40] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[41] Platina 15 000^
Noreg(IFPI Noreg)[42] Platina 50 000*
Portugal (AFP)[43] Gull 20 000x
Spania(PROMUSICAE)[44] 2× Platina 200 000^
Sverige (GLF)[45] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[46] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[47] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[48] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BPI > Certified Awards > Search results for Phil Collins (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 21. mars 2020. 
  2. Phil Collins «Can't Turn Back the Years»Discogs
  3. 3,0 3,1 Both SidesAllmusic. Henta 25. mars 2020.
  4. F, Nigel (25. januar 2016). «CD REVIEWS: Phil Collins, Old Dominion, Sarah Blasko, Frokedal & Balsamo Deighton». Scunthorpe Telegraph. Henta 25. januar 2016. [daud lenkje]
  5. Paul Cashmere (13. mai 2015). «Phil Collins Starts Work On Catalogue Remasters». Noise11.com. Henta 25. mars 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Phil Collins - Live From The Board - Official Bootleg (CD)». Discogs. Henta 25. mars 2020. 
  7. «Phil Collins Far Side Of The World Tour '95 Australian 2 CD album set (Double CD) (42406)». eil.com. Henta 25. mars 2020. 
  8. «australian-charts.com - Phil Collins - Far Side... Of The World». Hung Medien. Henta 25. mars 2020. 
  9. 9,0 9,1 Sinclair, Paul. «Phil Collins / Face Value and Both Sides deluxe reissue details». Super Deluxe Edition. Henta 21. mars 2020. 
  10. "Phil Collins – Both Sides". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  11. "Phil Collins - Both Sides" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  12. "Phil Collins – Both Sides" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  13. "Phil Collins – Both Sides" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  14. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Library and Archives Canada. 31 Mars 2004. Arkivert frå originalen 14 Mars 2016. Henta 25. mars 2020. 
  15. «BILLBOARD MAGAZINE: 1936 to 2010 Searchable». Americanradiohistory.com. Henta 25. mars 2020. 
  16. "Phil Collins – Both Sides". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  17. source: Pennanen, Timo: Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972. Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava, 2006. ISBN 9789511210535. page: 280
  18. «InfoDisc : Tous les «Chart Runs» des Albums classés depuis 1985 dans le Top Albums Officiel». InfoDisk (SNEP). Henta 25. mars 2020. 
  19. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 25. mars 2020.
  20. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 26. februar 2016.
  21. «Gli album più venduti del 1993» (på italiensk). Henta 23. mars 2020. 
  22. «ORICON NEWS|最新情報を発信する総合トレンドメディア». Oricon.co.jp. Henta 25. mars 2020. 
  23. "Phil Collins – Both Sides". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  24. "Phil Collins – Both Sides". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  25. «Hits of the World». Billboard. 2. april 1993. Henta 23. mars 2020. 
  26. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  27. "Phil Collins – Both Sides". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  28. "Phil Collins – Both Sides". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  29. november 1993 "20. november 1993 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 25. mars 2020.
  30. "Phil Collins Album & Song Chart History" Billboard 200 for Phil Collins. Prometheus Global Media.
  31. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  32. «Austrian album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Phil Collins in the field Interpret. Enter Both Sides in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  33. «Ultratop − Goud en Platina – 1994». Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. 
  34. «Brazilian album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. 
  35. «Danish album salstrofé – Phil Collins – Both Sides». IFPI Denmark. 
  36. «French album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på fransk). InfoDisc.  Select PHIL COLLINS and click OK
  37. «Gold-/Platin-Datenbank (Phil Collins; 'Both Sides')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  38. «Italian album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 25. mars 2020.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Phil Collins in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  39. «Japanese album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. Henta 25. mars 2020. 
  40. «Dutch album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 19. mars 2020. 
  41. «New Zealand album salstrofé – Phil Collins – Both Sides». Recording Industry Association of New Zealand. 
  42. «Norwegian album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på norsk). IFPI Norway. 
  43. «Portuguese album salstrofé – Phil Collins – Both Sides» (på portugisisk). Associação Fonográfica Portuguesa. 
  44. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 937. ISBN 84-8048-639-2. Henta 16. september 2019. 
  45. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  46. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Phil Collins; 'Both Sides')». Hung Medien. 
  47. «British album salstrofé – Both Sides of the Story». British Phonographic Industry.  Enter Both Sides of the Story in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  48. «American album salstrofé – Both Sides». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH