Both Sides, Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om songen. For albumet med same namn, sjå Both Sides Now.
Both Sides, Now
Singel av Judy Collins
B-side «Who Knows Where the Time Goes»
Utgjeve 1968
Sjanger Folk, pop
Selskap Elektra
EK-45639
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Mark Abramson

«Both Sides, Now» (Begge sider, No) er ein song av Joni Mitchell. Den første innspelinga hennar finst på albumet Clouds, frå 1969.  Ho spelte inn songen på ny i jazzstil for albumet med same namn i 2000.

Det er ein av dei mest kjende av songane til Joni Mitchell (i lag med «Big Yellow Taxi», «Woodstock» og «A Case of You»). Han vart skriven i mars 1967, inspirert av eit avsnitt i Henderson the Rain King av Saul Bellow.[1]

Fairport Convention spelte inn ein demoversjon av songen i 1967. Denne innspelinga vart ikkje gjeven ut før i 2000, då han kom med på The Guv'nor Vol 4 av Ashley Hutchings. Ei konsertutgåve med Judy Dyble frå 1981 finst på albumet Moat on the Ledge.

Både versjonen på Joni Mitchell-albumet Both Sides Now og ei nyinnspeling frå 2003 av Mitchell er med i filmen Love Actually frå 2003.

Rolling Stone rangerte «Both Sides, Now» på 170. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Judy Collins-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Judy Collins gjorde den første innspelinga av songen i 1968, kort tid etter at Mitchell hadde skrive han. Singelen nådde 8. plass på den amerikanske singellista og vann ein Grammypris i 1968 for beste visesong. Songen nådde 3. plass på Easy listening-lista og vert rekna som ein av kjenningsmelodiane til Collins.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968–70) Plassering
Australia KMR[2] 37
Canada RPM Top Singles[3] 6
New Zealand[4] 7
UK[5] 14
US Billboard Hot 100[6] 8
US Billboard Adult Contemporary 3
US Cash Box Top 100 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Rank
Canada[7] 96
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[8] 82

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I've looked at clouds from both sides now,
From up and down, and still somehow
It's cloud illusions I recall.
I really don't know clouds at all.

Joni Mitchell

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Venen til Mitchell, Dave Van Ronk spelte songen på albumet Dave Van Ronk and the Hudson Dusters frå 1967, då kalla «Clouds». Mitchell har ofte sagt at denne utgåva av songen hennar er den finaste av dei alle.
  • Ein annan tidleg versjon vart gjeven ut av popgruppa Harpers Bizarre i hausten 1968 for albumet Secret Life of Harpers Bizarre.
  • Bing Crosby song to utgåver av songen, ein på TV-showet Hollywood Palace, og den andre på albumet Hey, Jude/Hey, Bing i 1968.
  • Frank Sinatra spelte inn songen med tittelen «From Both Sides, Now» på albumet Cycles i 1968.
  • Anne Murray spelte inn songen for debutalbumet What About Me i 1968.
  • Ein fransk versjon av songen, med omsett tekst av Eddy Marnay, vart spelt inn av Marie Laforêt i 1968 med tittelen «Je n'ai rien appris». Året etter spelte Nana Mouskouri inn «Je n'ai rien apris» på hennar Dans le soleil et dans le vent.
  • Leonard Nimoy (1968)
  • Catherine McKinnon (1968)
  • Robert Goulet (1968)
  • Neil Diamond (1969)
  • Jimmie Rodgers (1969)
  • Davy Graham spelte inn songen på albumet Large as Life But Twice as Natural i 1969. Versjonen hans inneheldt ein lang introduksjon i arabisk stil.
  • Pete Seeger spelte songen i 1969 på albumet Young vs. Old. Seeger la til eit meir optimistisk fjerdevers av songen. Den nye teksten finst i Seeger-boka Where Have All the Flowers Gone i kapittelet «New Words?»
  • The Mystic Moods Orchestra spelte inn instrumental versjon av songen i 1969 for albumet Love Token

 

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Paradox (zh:夢劇院), ei tidlegare vokalgruppe frå Hong Kong gav ut ein kantonesisk versjon kalla «The Color Theory of Relativity» (kinesisk 彩色相對論) i 1988. Dei spelte òg inn songen med den originale teksten. Begge versjonane vart gjeven ut på dei to første albuma deira.

 

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Feinstein spelte songen på samlealbumet Rubáiyát i 1990, som feira 40-årsjubileet til Elektra Records.
  • I 1991 vart songen spelt av Hole på albumet Pretty on the Inside, under namnet «Clouds».
  • Songen vart ein mindre hit i Storbritannia og Canada for det irske bandet Clannad i ein duett med den britiske songaren Paul Young, spelt inn for filmen Switch i 1991.
  • Dianne Reeves spelte «Both Sides, Now» på albumet Quiet After the Storm (1994).
  • b-flower, eit japansk indieband spelte songen på engelsk for albumet Clover Chronicles l (1994).
  • Randy Scruggs spelte ein instrumental gitarsolo av songen på albumet Crown Of Jewels frå 1998.
  • Den filippinske songaren og skodespelaren Sharon Cuneta spelte inn ein versjon av songen for albumet When I Love i 1999. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Songen vart sidan nytta som kjenningsmelodi i filmen Magkapatid (Siblings) og har sidan vorte ein av hennar mest kjende songar.

 

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

 

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Both Sides, Now» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. NewStandard: 12/7/96
  2. «Australian Chart Book». austchartbook.com. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 21. januar 2021. 
  3. «Image: RPM Weekly». Library and Archives Canada. 17. juli 2013. Henta 21. januar 2021. 
  4. «Both Sides, Now». Flavour of New Zealand. 
  5. «JUDY COLLINS - full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 21. januar 2021. 
  6. Whitburn, Joel, Top Pop Singles 1955-2002
  7. «Item Display - RPM». Library and Archives Canada. Henta 21. januar 2021. 
  8. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  9. http://www.toriset.org/s.php?c=1111&t=0
  10. «Michael Lington - A Song for You». SmoothViews.com. 
  11. «A Song for You overview». Allmusic.com.