Botolv Begla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Botolv Begla (norrønt: Bótólfr begla) var ein islandsk skald som levde på 1100-talet.

Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 94). Der er han nemnt som «ein islendsk mann og ein god skald». Bakgrunnen for tilnamnet hans er ikkje kjent, men det norrøne ordet begla tyder «ein som er til hinder».

Han skal ha halde til på Orknøyane, på ein stad som blir kalla Knarrarstad (Knarrarstaðir), truleg Knarston eller Knarstane ved Scapa[2]. Garden låg om lag tre kilometer sør for Kirkwall og var truleg ein av veitslegardane til Ragnvald jarl (St. Ragnvald).

I soga er det fortalt at Erlend Haraldsson jarl og hærmennene hans kom til garden på leiting etter Ragnvald jarl. Dei møttet Botolv og spurde etter jarlen, og Botolv kvad då ei vise som gav villeiande opplysningar om at jarlen hadde rømt sin veg. Ein reknar med at hendinga fann stad i 1154. Visa[3] er sitert i Orknøyingasoga side 222, og dette er det einaste diktet som er kjent av Botolv Begla.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Scapa Flow - The nerve centre and Knarr centre of the medieval earldom Arkivert 2015-02-20 ved Wayback Machine. frå scapaflow.co
  3. Lausavise av Botolv Begla (Skaldic project)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]