Hopp til innhald

Botsfengselet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Botsfengselet

StadOslo kommune
ArkitektHeinrich E. Schirmer
Kart
Botsfengselet
59°54′34″N 10°46′18″E / 59.90944444°N 10.77166667°E / 59.90944444; 10.77166667

Botsfengselet, opphavleg Bodsfængslet eller «Bodsen» i slang, er eit tidlegare landsfengselGrønland i Oslo og seinare ein del av Oslo fengsel.

Botsfengselet
Foto: Helge Høifødt

Arkitektur

[endre | endre wikiteksten]

Fengselet vart oppført mellom 1844 og 1851 etter teikningar av arkitekten Heinrich E. Schirmer. Fengselskyrkja kom til i 1887, med Jacob Wilhelm Nordan som arkitekt. Botsfengselet var det første norske fengselet bygt etter «Philadelphia-systemet», der fangane vart strengt isolerte for at dei skulle kunna angra på lovbrota sine og ikkje verta negativt påverka av andre og meir forherda fangar. Overvakinga var forenkla med den panoptisk arkitektoniske utforminga av cellefløya. Bygginga var eit resultat av arbeidet til Straffelovskommisjonen av 1837, som òg sørgde for ei ny og moderne erstatning for Kristian den femtes norske lov. Kommisjonen foreslo sju liknande fengsel rundt i landet, men berre Botsfengselet i Oslo vart bygt.

Botsfengselet, hovudinngang og mur sett frå Grønlandsleret / Grønlands park.
Foto: Helge Høifødt

Fengselet vart utvida på 1900-talet og hadde på det meste 223 innsette. I 1970 vart Botsfengselet lagt ned som institusjon og erstatta av Ullersmo landsfengsel. Fengselet vart ein del av Oslo Kretsfengsel 1975.

Bygningane er freda. Rundt Botsfengselet ligg Grønlands park – Botsparken.

Alléen framfor Oslo fengsel si avdeling på Grønland i Oslo heiter Egon Olsens Allé. Dette vart vedteke av bydelsutvalet i Gamle Oslo i 2017 etter forslag frå Frp-politikaren Peter N. Myhre.

Kyrkja på Botsfengselet var innretta som eit auditorium. Biletet er frå 1929.
Foto: Byhistorisk samling hos Oslo Museum

Arkivet er i Riksarkivet, og er på 266 hyllemeter, der 224 meter er domsakter. Resten består av vel 20 meter fangeprotokollar og fangeregister, 4 meter kopibøker (1850–1917) og journalar (1850–1928), 15 meter diverse protokollar og saker andsynes administrasjonen til fengselet. Dessutan finst det ei fotosamling på mellom 9 000 og 10 000 fangeportrett, som med lakuner dekker åra 1866–1947.

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Alle filmane om Olsenbanden opnar med at Egon Olsen kjem ut av hovudporten til fengselet, og vert motteken av dei andre i banden og seier den same replikken: «Jeg har en plan».

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Botsfengselet