Bourj Hammoud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°53′37″N 35°32′25″E
Bourj Hammoud
برج حموﺪ
by
Bourj Hammoud01.jpg
City Mall i handelsområdet i Bourj Hammoud
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Koordinatar 33°53′37″N 35°32′25″E
Areal 2,5 km²
Folketal 150 000 (2005[1])
Folketettleik 60 000 / km²
Borgarmeister Antranik Meserlian
Tidssone +2
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bourj Hammoud

Bourj Hammoud eller Burj Hammud (arabisk برج حموﺪ, armensk Պուրճ Համուտ) er ein forstad nordaust i Beirut i Libanon i Matn distrikt og er ein del av Stor-Beirut. Forstaden er busette av mange armenarar. Bourj Hammoud er eit industriormåde og eit av dei tettast folkesette distrikta i Midtausten.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bourj Hammoud vart grunnlagd av overlevande det armenske folkemordet i 1915 og voks hovudsakleg i 1930-åra. Då dei sjuke og utmatta armenarane som hadde overlevd daudemarsjane i Deir ez-Zor (Syria) nådde Beirut etter Det osmanske riket kollapsa, fekk dei løyve til å bygge skur på austbreidda av Beirutelva som på den tida var eit myrlendt område.[2][3] Dei fekk så løyve til å reise hus og bygningar som framleis står i dag. I 1952 vart Bourj Hammoud ein sjølvstendig kommune og er i dag ein del av Nord-Metn.

Bourj Hammoud og kommunen vart grunnlagd av den armensk-katolske presten Paul Ariss, som la grunnlaget for den livlege byen og senteret for det armenske samfunnet i Libanon. Han var i lang tid ordførar i kommunen. Hovudgata i Bourj Hammoud er kalla opp etter han.

I den tidlege tida var det to rivaliserande armenske politiske parti i byen, den armenske revolusjonsføderasjonen og Det sosialdemokratiske Hunchaki-partiet, som kjempa om kontroll i den nyoppretta slummen. Dette førte til forskjellige kranglar og attentat i det armenske miljøet i Libanon.[4] Det heile toppa seg under Libanonkrisa i 1958, då dei to paria og støttespelarane deira vart poliserte på grunn av ein religiøs strid over kva katolikos som skulle leie Den armenske apostoliske kyrkja.[5] Forholdet mellom dei to partane betra seg utover i 60- og 70-åra.

Borgarkrig[endre | endre wikiteksten]

Den libanesiske borgarkrigen truga det armenske samfunnet i Beirut. Armenarar følte dei måtte halde saman i denne urolege tida, og samla seg i Bourj Hammoud. Mange armenarar tok til våpen for å forsvare byen mot motstandardane, men dei armenske politiske partia prøvde å halde seg nøytrale så best dei kunne. På grunn av dette utøvde maronittiske militsgrupper sterkt press mot armenarane og gjekk til og med til angrep på eit kvarter i Bourj Hammoud.[6]

Israel-Libanon-konflikten i 2006[endre | endre wikiteksten]

Under Israel-Libanon-konflikten i 2006 tok kyrkjene og skulane i Bourj Hammoud i mot flyktningar, og gav dei mat og ly. Etter konflikten føreslo Tyrkia å sende somme av soldatane sine til Libanon som ein del av UNIFIL. Dei fleste armenarane var sterkt i mot dette. Dei heldt demonstrasjonar mot dei tyrkiske styrkane i Bourj Hammoud.[7]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bourj Hammoud ligg like utafor hovudvegen og er omgjeve av Dora, Karantina, Sin el Fil og Achrafieh.

Dei fleste bustadområda og husa i Bourj Hammoud vart bygde frå 1930-åra til 1970-åra. Dei er som regel to til fire etasjar høge.[1]

Kjende folk frå Bourj Hammoud[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Rapport Bourj Hammoud» (PDF). Henta 11. oktober 2007. 
  2. http://almashriq.hiof.no/lebanon/900/930/930.1/beirut/reconstruction/davie/Davie-text.html
  3. Fisk, Robert (2001). Pity the Nation: Lebanon at War. Oxford University Press. s. 60. ISBN 0-19-280130-9. 
  4. Weinberg, Leonard. Political parties and terrorist groups. Routledge (UK). s. 19. ISBN 0-7146-3491-3. 
  5. Hovannisian, Richard (2005). The Armenian People from Ancient to Modern Times. Palgrave Macmillan. s. 418. ISBN 0-312-10168-6. 
  6. Federal Research, Division (2004). Lebanon a Country Study. Kessinger Publishing. s. 185. ISBN 1-4191-2943-0. 
  7. AzadHye: Turkish presence i Libanon evokes dreadful memories

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]