Bowenforholdet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bowenforholdet er forholdet mellom merkande varme og latent varme frå eit medium til eit anna. Matematisk kan forholdet skildrast:

,

der er merkande varme og er latent varme. Harald Sverdrup kalla forholdet opp etter Ira Sprague Bowen (1898–1973), ein astrofysikar som først brukte forholdet i arbeidet sitt med fordamping av vatn, og det blir mest brukt innan meteorologi og hydrologi. I denne samanhengen er storleiken mindre enn ein, altså blir ein større tilgjengeleg energimengd frå overflata overført til atmosfæren som latent varme enn som merkande varme. Når vil derimot gå mot uendeleg, og bowenforholdet vil då vere ein dårleg variabel å bruke i andre formlar, særleg for tørre overflater. På grunn av dette er fordampingsbrøkdelen (FB), som viser dei forskjellige turbulente energifluksane til og frå overflata, ein betre variabel å bruke i desse tilfella.

Bowenforholdet er relatert til fordampingsbrøkdelen gjennom likninga

.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowen, I.S., 1926: The ratio of heat losses by conduction and by evaporation from any water surface. Physics Review, 27, pp 779—787.
  • Lewis, J.M., 1995: The Story behind the Bowen Ratio. Bulletin of the American Meteorological Society, 76, pp 2433-2443.