Skalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bowlerhatt)
Skalk frå midten av 1900-talet.

Skalk er eit populær namn på ein stiv, svart filthatt med rund pull og smal brem.[1] På engelsk er hattetypen kjend som bowler, bob hat, billycock eller derby (USA).[2] Han blei utbreidd på midten av 1800-talet, og skal ha blitt skapt i 1849. Hatten var populær i den britiske, irske og amerikanske arbeidarklassen på 1800-talet. Han blei seinare utbreidd blant middel- og overklassen i Storbritannia, Irland, USA og andre stader.[3]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ridedrakt med skalk frå ca. 1890, LACMA i Los Angeles

Skalken skal ha blitt til i 1849 då han blei utforma av hattemakrane Thomas og William Bowler i London på ordre frå hatteselskapet James Lock & Co. frå St James's.[4] Desse igjen hadde fått i oppdrag frå ein kunde å laga ein låg, tettsitjande hatt som kunne verna viltvoktarane deira mot låge greiner medan dei reid. Dei hadde tidlegare brukt flosshattar, som var lite praktiske for føremålet. Kunden kan ha vore Thomas Coke, 1. earl of Leicester (seventh creation) frå Holkham Hall i Norfolk, William Coke,[5] eller ein yngre bror av Thomas Coke, 2. earl av Leiceester, Edward Coke.[3] Ifølgje soga skal Edward Coke ha henta hatten i London den 17. desember 1849 og testa han ved å trampa på han to gonger for å testa styrken. Hatten bestod prøven, og Coke betalte 12 shilling for han.[6]

Bruk og tyding i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar av Orange Order som feirar «The Twelfth» i Belfast i 2011

Skalken har hatt ulike bruksområde i Storbritannia. Medan han var utbreidd blant arbeidarklassen på 1800-talet, blei han på 1900-talet meir knytt til forretnings- og finansfolk i London («City Gents»). Bruken av skalk i forretnignslivet gjekk ut av bruk på 1980-talet.[7] I nyare tid har skalkar vore mindre vanlege, men bildet av den britiske forretningsmannen med skalk og samanrulla paraply har bestått som ein stereotyp på ein engelskmann. Det blei mellom anna teke i bruk som logo av sparebanken Bradford & Bingley.[8]

I Skottland og Nord-Irland har skalken lenge vore brukt av såkalla lojalistar som Orange Order, Independent Loyal Orange Institution, Royal Black Preceptory og Apprentice Boys of Derry til årlege opptog og feiringar.[9]

I Amerika[endre | endre wikiteksten]

Skalken er del av den tradisjonelle kvinnedrakta til quechua- og aymarafolk i Sør-Amerika.

Skalken, og ikkje cowboy-hatten eller sombreroen, var den mest brukte hatten i Vesten i USA. Lucius Beebe kalla han «hatten som vann Vesten».[10] Både cowboyar og jernbanearbeidarar føretrekte hatten ettersom han ikkje lett bles av i vind medan ein reid eller stakk hovudet ut av eit togvindauge. Han blei brukt både av rettshandhevarar og forbrytarar, som Bat Masterson, Butch Cassidy, Black Bart og Billy the Kid. I USA var hatten ofte kjend som ein derby,[5] og fredlause Marion Hedgepeth var ofte omtalt som «The Derby Kid».

Skalken er kjend som bombín på spansk. I Sør-Amerikca er han særleg blitt brukt av quechua- og aymarakvinner sidan 1920-talet, då han blei innført til Bolivia av britiske jernbanearbeidarar. I mange år blei hatten brukt i Bolivia laga ved ein fabrikk i Italia, men han er seinare blitt laga lokalt.[11]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Komikaren Stan Laurel med skalk.[12]

Skalken har vore eit kjenneteikn for visse skodespelarar, som Charlie Chaplin, Laurel and Hardy, Curly Howard og John Cleese

I filmen A Clockwork Orange er skalken ein del av droog-uniforma til Alex.[13]

Fleire måleri av den belgiske surrealistiske målaren René Magritte inneheld skalkar.

Koreografen Bob Fosse brukt ofte skalkar i sine dansar. Slik bruk av hattar som utstyr, som ein til dømes kan sjå i filmen Cabaret frå 1972, blei eit av kjenneteikna hans.[14]

Bob Dylan nemner hattetypen i songen «On the Road Again»: «The milkman comes in/ He's wearing a derby hat.»[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skalk», Store norske leksikon, 15. februar 2009 
  2. Hat glossary 
  3. 3,0 3,1 «The history of the Bowler hat at Holkham» (PDF). Coke Estates Ltd. Arkivert frå originalen (PDF) 22. desember 2014. Henta 30. juni 2017. 
  4. "Bowler hat makes a comeback". The Daily Telegraph (London). Retrieved 25 September 2011.
  5. 5,0 5,1 Roetzel, Bernhard (1999). Gentleman's Guide to Grooming and Style. Barnes & Noble.
  6. Swinnerton, Jo (2005). The History of Britain Companion. Robson. s. 42. ISBN 1-86105-914-0. 
  7. «History of the Bowler Hat». The Daily Telegraph. Henta 3 March 2014. 
  8. «Who'll get custody of Bradford and Bingley's bowler hat?». BBC News. Henta 25 September 2011. 
  9. «Bowler Hats, Sashes and Banners: the Orange Order in Northern Ireland». Demotix. Henta 21 March 2014. 
  10. The Hat That Won the West. Henta 10 February 2010. 
  11. Eigo, Tim. «Bolivian Americans». Countries and Their Cultures. Henta 13. august 2008. 
  12. McCabe, John (2004). The Comedy World of Stan Laurel. Robson. s. 143. 
  13. IMDB: Clockwork Orange
  14. Bob Fosse, arkivert frå originalen 1. desember 2017, henta 30. juni 2017 
  15. Bob Dylan

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skalk
  • Fred Miller Robinson, The Man in the Bowler Hat: His History and Iconography (Chapel Hill and London: The University of North Carolina Press, 1993).