Boxty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boxty

Boxty (irsk bacstaí) er ein type irsk potetpannekake eller potetbrød. Han blir ofte laga med like delar raspa poteter og potetstappe.

Namnet boxty, bacstaí, er truleg anten avleidd frå arán bocht tí som tyder 'fattigmannsbrød' eller bácús, som tyder noko ein bruker til å baka, som omn, eldhus eller takke.[1]

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Ein kan laga boxty på ulike måtar. Det kan steikast i omn, i panne eller på takke, eller det kan kokast som kumle.

For å laga deigen eller røra kan ein raspa poteter og let stivehaldig vatn renna av i rundt ein halvtime. Raspa potet blir ofte blanda med like delar potetstappe. I nokre oppskrifter kan ein så blanda inn att stiva. Deretter tilset ein mjøl, salt, pepar og smelta smør eller baconfeitt. Denne deigen blir så elta og forma til kakekr som ein skjer ein kross i slik at dei kan delast i mindre stykke, farls, ved baking i omn.[2]

I ein annan metode der ein kan steika boxty på takke tilset ein nok mjølk til å oppna ei røre. I nokre oppskrifter tilset ein også eggeplomme eller bakepulver. Ein luksuriøs variant (kalla stampy) blir laga med fløyte, sukker og karvefrø.[3]

Ein kan også koka boxty. Då pressar ein ut ekstra fukt frå den raspa poteta og blandar henne med potetstappe og mjøl. Deigen blir tilsett salt, kokt, skoren opp og så steikt i smør.[3]

Moderne variasjonar av retten kan ha korintar eller rosiner.[4]

Servering[endre | endre wikiteksten]

Boxty kan fyllast med grønsaker, ost eller kjøt.[5] Dei kan serverast med grov sennep og flesk eller bacon til. Boxty kan også vera ein søt rett servert med honning, smør eller strødd med sukker.[2] Smaken er ofte betre om ein kjøler ned boxtyen og varmar han opp att ved servering.[3] Retten blir servert på fleire irske etestader, og blir seld i butikkar som kumler eller ferdigsteikte pannekaker.[6][7]

Ein omtale frå Dublin University Magazine i 1854 skildrar boxtie som laga av potet ein kunne riva med eit rivjern laga av ein blekkboks, blanda med anten sammalt mjøl eller havregryn og dyrefeitt. Han skildra også ein variant laga med tilsette eggeplomme, smør og mjølk, rulla ut og steikt på takke som ein kunne servera med litt smør til frukost eller te-måltid.[8]

St Brigid's Day er ei irsk høgtid der ein kan servera boxty i lag med andre tradisjonelle matslag som krossforma havrebrød og Bride-bannock. På Irland er heilage Brigid vernehelgen for meieriprodukt og er knytt til mjølk, smør, ost, øl og flesk. Ein har knytt Brigid-tradisjonen til den førkristne irske «kvite gudinna» eller Brigid. St Brigid's Day fell saman med den heidenske høgtida imbolc.[8] Feitetysdag og halloween er andre høgtider der ein kan servera boxty.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ayto, John (2012). The diner's dictionary : word origins of food & drink (2. utg.). Oxford: Oxford University Press. s. 42. ISBN 9780199640249. 
  2. 2,0 2,1 Asala, Joanne. Celtic Folklore Cooking. Llewelyn. s. 91. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Friedland, Susan R. Vegetables: Proceedings of the Oxford Symposium on Food and Cooking 2008. 
  4. Campbell, Georgina. The Best of Irish Breads and Baking: Traditional, Contemporary and Festive. 
  5. «Authentic Irish: Think inside the Boxty». The Chicago Tribune. 
  6. Coffey, Darina (8. juni 2018), «Hector Visits Drummully Boxty as Part of The SuperValu Food Academy Tour», TheTaste.ie (på engelsk), henta 27. juni 2020 
  7. Steves, Rick; O'Connor, Pat (29. mai 2018), Rick Steves Best of Ireland (på engelsk), Avalon Publishing, ISBN 978-1-64171-002-2, henta 27. juni 2020 
  8. 8,0 8,1 Clarkson, Janet. Food History Almanac: Over 1,300 Years of World Culinary History, Culture, and Social Influence. 
  9. «Liturgical Year : Recipes : Boxty Pancakes», www.catholicculture.org, henta 27. juni 2020 
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.