Boyacastifthale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boyacastifthale
Boyacastifthale
Boyacastifthale
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Boyacastifthale
Utbreiinga av Boyacastifthale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Synallaxis
Art: Boyacastifthale S. subpudica
Vitskapleg namn
Synallaxis subpudica

Boyacastifthale (Synallaxis subpudica) er ein fugl i omnfuglfamilien. Han er endemisk for Colombia med kjent utbreiing avgrensa til eit lite område ved Bogota og nordaust for byen.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Boyacastifthalen er ein liten omnfugl med kroppslengd på rundt 17 til 18 centimeter inklusive den lange halen med to tuppar. Krona og vengefjørene er raudbrune, ryggen og halen brun, elles er denne stiftehalen gråleg med innblanda brunt på undersida og med ein mørk strupeflekk.

Han lever helst i utkanten av skog og gjenreist skog, i utkanten av våt tåkeskog, mellom 2100 og 3200 moh.

Reiret er av småpinnar, overbygd med sideinngang og kan ligge i vegetasjonen rundt to meter over bakken.

Storleiken på populasjonen er rekna som stabil, men han er ikkje estimert. Arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet, og IUCN har kategorisert han som livskraftig, LC.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]