Boye Ullmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boye Ullmann
Boye Ullmann.JPG
Fødd 5. mai 1954 (68 år)
Yrke politikar
Boye Ullmann på Commons

Boye Ullmann eller Viggo Halfdan Ullmann er ein norsk fagforeiningsmann og RVar frå Oslo. Han jobbar i dag som faglegpolitisk sekretær i Nei til EU.

Ullmann var klubbleiar i Fellesforbundet sin klubb ved Norwesco AS i nesten 20 år. Etter trakassering frå leiinga og forsøk på å pressa han ut, slutta han der på byrjinga av 2000-talet. Han har og hatt mange andre verv i fagrørsla, og i andre organisasjonar. I dag er han vara til RV sitt arbeidsutval.

I 2001 meldte Ullmann seg ut av partiet AKP i protest mot det han meinte var valdsromantiske tendensar i partiet. På RV sitt landsmøte i 2005 føreslo han at RV og AKP skulle gjennomføra forhandlingar med sikte på å slå seg saman i eitt parti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]