Boys Keep Swinging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boys Keep Swinging
Singel av David Bowie
frå albumet Lodger
B-side Fantastic Voyage
Utgjeve 27. april 1979
Innspelt Mountain Studios, Montreux; september 1978; Record Plant Studios, New York, mars 1979
Sjanger
Lengd 3:17
Selskap RCA
BOW 2
Låtskrivar(ar)
Produsent
David Bowie-kronologi
«Breaking Glass»
(1978)
Boys Keep Swinging «DJ»
(1979)


«Boys Keep Swinging» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Lodger den 27. april 1979.

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av Lodger ønskte Bowie å fange stilen til garage-band for denne songen, og vart samd med Brian Eno om at den beste måten å få det til på var om bandet bytta instrument, etter at dette vart «føreslått» av Oblique Strategies-korta til Eno. Gitaristen Carlos Alomar spelte derfor trommer og trommeslagar Dennis Davis spelte bass.

«Boys Keep Swinging» har nøyaktig same akkordsekvens som «Fantastic Voyage» frå same albumet og B-side til singelen.

Songen nådde sjuandeplassen i Storbritannia og var første gongen Bowie nådde Topp 10 på singellista der sidan «Sound and Vision» i februar 1977. Songen har berre vorte spelt på ein av turneane til Bowie så langt, Outside-turneen i 1995.

Den djupe stemma til Bowie er ein satire over mannlegdom og teksten blander skildringar av mannlege privilegium og homoerotikk, som til dømes «When you're a boy, other boys check you out». Då dette vart kombinert med ein video regissert av David Mallet, med ein Bowie i dress og tre korvokalistar som viser seg å vere dragartsitar, valte RCA å ikkje gje ut singelen i USA, og valte i staden «Look Back in Anger».

Saturday Night Live[endre | endre wikiteksten]

Den 15. desember 1979 var Bowie musikalsk gjest på Saturday Night Live og fekk med seg Klaus Nomi og Joey Arias som korvokalistar under framføringa, som nytta ein spesiell dukke-effekt, der hovudet til Bowie vart projisert over hovudet på dukka. Under sendinga sensurerte NBC linja «other boys check you out», men la ikkje merke til den sprettande fallosen til dokka mot slutten av songen, som gjekk usensurert.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie og Brian Eno.[2]

  1. «Boys Keep Swinging» – 3:17
  2. «Fantastic Voyage» – 2:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar:
  • Musikarar:
    • David Bowie: solovokal, gitar på «Boys Keep Swinging», piano på «Fantastic Voyage»
    • Adrian Belew: gitar på «Boys Keep Swinging», mandolin på «Fantastic Voyage»
    • Dennis Davis: bassgitar på «Boys Keep Swinging», perkusjon på «Fantastic Voyage»,
    • Tony Visconti: bassgitar på «Boys Keep Swinging», mandolin på «Fantastic Voyage», korvokal på «Fantastic Voyage»
    • Carlos Alomar: trommer på «Boys Keep Swinging»
    • Brian Eno: piano på «Boys Keep Swinging», ambient drone på «Fantastic Voyage»
    • Simon House: fiolin på «Boys Keep Swinging», mandolin på «Fantastic Voyage»
    • Sean Mayes: piano på «Fantastic Voyage»

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979—2016) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 18
Irish Singles Chart 19
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 16
Spania (PROMUSICAE)[5] 51

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Graham, Ben (18. august 2021). «30-Years On: David Bowie's Lodger Comes In From The Cold». The Quietus. Henta 7. juni 2016. 
  2. «Boys Keep Swinging» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Victor. 1979. BOW 2/PB 1585. 
  3. "Ultratop.be – David Bowie – Boys Keep Swinging" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  4. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Boys Keep Swinging" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  5. "Spanishcharts.com – David Bowie – Boys Keep Swinging" Canciones Top 50. Hung Medien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]