Boys and Girls av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boys and Girls
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 3. juni 1985
Innspelt 1983–1985
Studio AIR Studios i Hampstead i London; Compass Point Studios i New Providence i Bahamas; Effanel Mobile; RPM Studios i New York; Sarm West Studios i London; The White House i New South Wales i Australia; The Power Station i New York[1]
Sjanger Sophisti-pop
Lengd 38:24
Selskap E.G.
Produsent
Bryan Ferry-kronologi
The Bride Stripped Bare
(1978)
Boys and Girls Bête Noire
(1987)


Singlar frå Boys and Girls
  1. «Slave to Love»
    Utgjeve: April 1985
  2. «Don't Stop the Dance»
    Utgjeve: August 1985
  3. «Windswept»
    Utgjeve: November 1985

Boys and Girls er det sjette studioalbumet til Bryan Ferry, utgjeve i juni 1985 på E.G. Records. Det var det første soloalbumet til Ferry på sju år og det første etter han oppløyste gruppa si Roxy Music i 1983. Det er det einaste soloalbumet til Ferry som har nådd toppen av albumlista i Storbritannia.[2] Det selde til platinaplate i Storbritannia og inneheld to singlar som nådde topp 40 der. Det var òg det mest suksessrike soloalbumet til Ferry i USA og i Noreg. I Noreg nådde det tredjeplassen på VG-lista. I USA selde albumet til gullplate for over ein halv million selde eksemplar.

Albumet inneheld songen «Slave to Love», som vart ein av dei største hittane til Ferry som soloartist. Singelen kom ut 29. april 1985 og låg ni veker inne på den britiske singellista i 1985, med ein tiandeplass som høgaste plassering. Dei to andre singlane frå albumet selde mindre og var «Don't Stop the Dance» og «Windswept».

Gitarsoloen på slutten av «Slave to Love» vart spelt av Neil Hubbard[3] og andre kjende gitaristar på albumet var Mark Knopfler frå Dire Straits, David Gilmour frå Pink Floyd, Nile Rodgers frå Chic og Keith Scott frå bandet til Bryan Adams.

Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2000. I 2005 kom det ut på SACD.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Robert ChristgauB−[5]
Rolling Stone(tvetydig)[6]
Smash Hits6/10[7]

AllMusic-skribenten Ned Raggett likte «Slave to Love» og skreiv «Totalt sett etablerte Boys and Girls fullstendig den reine, kule visjonen ålmenta hadde av Ferry. I staden for rufsete rocke-eksplosjonar, kjenslemessige ekstremar og alt som gjorde 70-talsmusikken hans så overtydande både i og utafor Roxy, er Ferry her den sjarmerande og elegante, om enn løynd humørsjuke og melankolske kjærasten, med musikk som matchar.»[8]

Robert Christgau skreiv: «Røysta hans er tjukkare og meir slimete, tempoet hans sakkar av trass i alle dei fancy rytmane han har kjøpt, og han risikerer å bli den romantisk besette mannen han alltid har spelt på så nidkjær måte.»[5]

Rolling Stone Album Guide frå 1992 gav albumet tre og ei halv stjerne av fem: «Med den same rikt syntetiserte stemninga til Avalon, innhyllar det sjette albumet til Ferry lyttaren i emosjonelle finessar og lydfargar. Så er det over som ein behageleg draum. Boys and Girls kunne ha hatt eit par melodiar til med minneverdige melodilinjer som i 'Slave to Love' eller 'Don't Stop the Dance'.[9] New Rolling Stone Album Guide frå 2004 gav òg 3,5 stjerner: «Boys and Girls, det første soloalbumet hans etter Roxy Music vart oppløyst, var det discovennlege forsøket hans på å bli ei solostjerne, og sjølv om det er for luftig, har det ein av dei beste kjærleikssongane som nokon gong er laga, den hypnotiske klinesongen 'Slave to Love'.»[10]

I kritikarundersøkingar Pazz and Jop i Village Voice i 1985, vart albumet stemt fram til det 31. beste albumet det året.[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sensation» 5:07
2.«Slave to Love» 4:26
3.«Don't Stop the Dance»Bryan Ferry, Rhett Davies4:19
4.«A Waste Land» 1:02
5.«Windswept» 4:31
6.«The Chosen One» 4:51
7.«Valentine» 3:47
8.«Stone Woman» 4:56
9.«Boys and Girls» 5:25
Total lengd:38:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

  • Rhett Davies – lydteknikar
  • Bob Clearmountain – lydteknikar, miksing
  • Neil Dorfsman – lydteknikar
  • Femi Jiya – lydteknikar
  • Dominick Maita – lydteknikar
  • Brian McGee – lydteknikar
  • Andy Lydon – lydteknikar
  • Benjamin Armbrister – assisterande lydteknikar
  • Carb – assisterande lydteknikar
  • Steve Churchyard – assisterande lydteknikar
  • Randy Ezratty – assisterande lydteknikar
  • Dave Greenberg – assisterande lydteknikar
  • Kevin Killen – assisterande lydteknikar
  • Heff Moraes – assisterande lydteknikar
  • Peter Revill – assisterande lydteknikar
  • Kendal Stubbs – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering
  • Simon Puxley, Bryan Ferry – kunstnarisk leiar
  • Antony Price – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[12] 13
Austerrikske album (Ö3 Austria)[13] 15
Canadian Top Albums (RPM)[14] 11
Nederlandske album (MegaCharts)[15] 4
Tyske album (Offizielle Top 100)[16] 9
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[17] 3
Norske album (VG-lista)[18] 3
Svenske album (Sverigetopplistan)[19] 4
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[20] 9
UK Albums (OCC)[2] 1
US Billboard 200[21] 63

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Nederlandske album (Album Top 100)[22] 26
Tyske album (Offizielle Top 100)[23] 41

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1985 «Slave to Love» UK Singles Chart[2] 10
1985 «Slave to Love» US Billboard Mainstream Rock Tracks[24] 19
1985 «Don't Stop the Dance» UK Singles Chart[2] 21
1985 «Don't Stop the Dance» US Billboard Adult Contemporary[24] 26
1985 «Don't Stop the Dance» Billboard Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales[24] 30
1985 «Windswept» UK Singles Chart[25] 46

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
New Zealand (RMNZ)[26] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[27] Platina 300 000^
USA (RIAA)[28] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Boys and Girls». These Vintage Years. Arkivert frå originalen 10. april 2008. Henta 23. juli 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «UK Top 40 Hit Database». Henta 23. juli 2021. 
  3. «Roxy Music - Welcome To VivaRoxyMusic.com - on VivaRoxyMusic.com». vivaroxymusic.com. 
  4. AllMusic review
  5. 5,0 5,1 «Robert Christgau: Consumer Guide Dec. 3, 1985». robertchristgau.com. 
  6. Rolling Stone review
  7. Anthony, Lisa (19. juni 1985). «Album Reviews)». Smash Hits (EMAP Metro) 7 (15): 20. 
  8. Ned Raggett. «Boys and Girls». AllMusic. 
  9. DeCurtis, Anthony (Ed.). »Bryan Ferry«. Rolling Stone Album Guide. 1992. pg. 243
  10. Brackett, Nathan. «Bryan Ferry». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. pg. 297
  11. «Robert Christgau: Pazz & Jop 1985: Critics Poll». robertchristgau.com. 
  12. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. "Bryan Ferry - Boys and Girls" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 23. juli 2021.
  14. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 2016-06-03. Henta 17. januar 2015. 
  15. "Bryan Ferry – Boys and Girls". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 23. juli 2021.
  16. "Offiziellecharts.de – Bryan Ferry – Boys and Girls" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 23. juli 2021.
  17. "Bryan Ferry – Boys and Girls". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 23. juli 2021.
  18. "Bryan Ferry – Boys and Girls". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 23. juli 2021.
  19. "Bryan Ferry – Boys and Girls". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 23. juli 2021.
  20. "Bryan Ferry – Boys and Girls". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 23. juli 2021.
  21. "Bryan Ferry Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bryan Ferry. Prometheus Global Media. Henta 23. juli 2021.
  22. «Jaaroverzichten – Album 1985». dutchcharts.nl. Henta 23. juli 2021. 
  23. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 23. juli 2021. 
  24. 24,0 24,1 24,2 «Bryan Ferry Chart History». Billboard. Henta 23. juli 2021. 
  25. «Bryan Ferry | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 23. juli 2021. 
  26. «New Zealand album salstrofé – Bryan Ferry – Boys And Girls». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 10. juni 2019. 
  27. «British album salstrofé – Bryan Ferry – Boys And Girls». British Phonographic Industry. Henta 10. juni 2019.  Enter Boys And Girls in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  28. «American album salstrofé – Bryan Ferry – Boys And Girls». Recording Industry Association of America. Henta 10. juni 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH