Boz Burrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boz Burrell
Boz Burrell 1 - Bad Company - 1976.jpg
Burrell (1976).
Verkeleg namn Raymond Burrell
Fødd 1. august 1946
Lincoln i England
Død

21. september 2006 (60 år)
Marbella i Spania

Instrument Vokal, bass, gitar
Sjanger Hardrock, bluesrock, progressiv rock, jazz-fusion
Aktive år 1963–2006
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar King Crimson, Bad Company, Snape, Zoot Money's Big Roll Band, Tam White
Plateselskap Swan Song, Island, Virgin
Kjende instrument
Ampeg AUB-1

Raymond «Boz» Burrell (1. august 194621. september 2006) var ein engelsk musikar. Han var opphavleg songar, men er mest kjend som bassist i rockebanda King Crimson og Bad Company.

I midten av 1960-åra song Burrell i sitt eige band, og gav seinare på tiåret ut solosinglar som vokalist, akkompagnert av Ritchie Blackmore, Ian Paice og Jon Lord, som seinare danna Deep Purple. Tidleg i 1970-åra vart han medlem av King Crimson som vokalist. Då bandet ikkje fann ein høvande bassist, fekk Burrell opplæring på instrumentet av gitarist Robert Fripp.[1] Han spelte inn Islands (1971) med bandet og er òg å høyre på konsertalbumet Earthbound.[2] Burrell syng òg på Centipede-albumet Septober Energy (1971).[3]

I 1973 danna Burrell bandet Snape med medlemmar av King Crimson og Alexis Korner[1] og vart så første bassisten i rockebandet Bad Company,[2]. Burrell vart verande med bandet fram til 1999. Sidan har Burrell arbeidd med Tam White og Zoot Money's Big Roll Band. Han døydde av eit hjarteattakk i Spania den 21. september 2006, 60 år gammal.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Boz Burrell» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2012.
  • Eur.International Who's Who in Popular Music. Volume 4. Edition4. Routledge (2002) ISBN 978-1-85743-161-2
  • Fletcher, Tony. Moon: The Life and Death of a Rock Legend. HarperCollins (2000). ISBN 978-0-380-78827-9
  • George-Warren Holly, Romanowski Patricia, Pareles Jon. The Rolling stone encyclopedia of rock & roll. Edition 3 (revised). Fireside (2001) ISBN 978-0-7432-0120-9
  • Hjort, Christopher. Strange Brew: Eric Clapton & the British blues boom, 1965-1970. Jawbone Press (2007) ISBN 978-1-906002-00-8
  • Various. Mojo, Issues 154-157. EMAP Performance (2006). Original from the University of Virginia (digitized Jan 22, 2010)
  • Neill Andrew, Kent Matthew, Daltrey Roger, Stamp Chris. "Anyway, Anyhow, Anywhere: The Complete Chronicle of the Who 1958-1978". Sterling Publishing Company (2009). ISBN 978-1-4027-6691-6
  • Various. The Wire, Issues 197-202. The Wire (2000). Original from the University of Virginia. Digitized (Feb 16, 2010)
  1. 1,0 1,1 George-Warren, Romanowski, Pareles. The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll. Edition 3. 
  2. 2,0 2,1 Eur. International Who's Who in Popular Music, Volume 4. s. 72. 
  3. The Wire, Issues 197-202. The Wire. 
  4. Leigh,Spencer (2006-09-25). «Boz Burrell obituary». independent.co.uk. http://www.independent.co.uk/news/obituaries/boz-burrell-417457.html. Henta 12. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]