Bräcke

Koordinatar: 62°44′53.246″N 15°25′29.298″E / 62.74812389°N 15.42480500°E / 62.74812389; 15.42480500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°44′53.246″N 15°25′29.298″E / 62.74812389°N 15.42480500°E / 62.74812389; 15.42480500

Bräcke kyrkje

Bräcke er ein svensk tettstad i Jämtlands län i Jämtland. Det er administrasjonssenter i Bräcke kommun og i 2006 hadde tettstaden 1 566 innbyggjarar.

Bräcke ligg 70 km søraust for Östersund, heilt inntil Revsundssjön og ved Norra stambanan, som ved Bräcke bøyer av mot nordaust, medan tverrbanen held fram mot ÖstersundStorlien. Bräcke er omgjeve av store skogar og innsjøar.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Jernbanen har vore viktig for historia til Bräcke, og det var då jernbanen blei lagt her at samfunnet voks opp. Banen mellom Sundsvall og Trondheim går forbi Bräcke, og fleire tog stoppar her, mellom anna InterCity-toget mellom Storlien/Östersund og Stockholm. E14 går rett gjennom Bräcke. Det er bussamband med Östersund.

Service[endre | endre wikiteksten]

Bräcke har politistasjon og brannstasjon. Det er apotek og systembolag. I Folkets hus er det eit bibliotek. Bräcke har òg arbeidsformidlingskontor og forsikringsselskap.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

I Bräcke er det ishall, ridehall og idrettshall (Gunder Hägg-hallen). På idrettsplassen Björkhaga er det to fotballbanar. Bräcke Polar Bears spelte nokre sesongar i 1. divisjon avdeling nord, men måtte legge ned A-lagsverksemda nokre sesongar på grunn av for dårleg økonomi. Bräcke sitt basketballag spelte på det nest høgaste nivået i Sverige på 1990-talet, dåverande divisjon 1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]