Bräcke kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bräcke kommune)
Bräcke kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Jämtlands län
Landskap Jämtland
Del av Jämtland, Q61666685, Q61666672
Centralort Bräcke
Areal 3 807 km²
 - land 3 429 km²
 - vatn 378 km²
Folketal 7 009
Folketettleik 2 / km²
Kart
Bräcke kommun
62°45′00″N 15°25′00″E / 62.75°N 15.416666666667°E / 62.75; 15.416666666667
Wikimedia Commons: Bräcke Municipality
Nettstad: www.bracke.se

Bräcke kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor lenet til Ragunda kommun i nord og aust, Bergs kommun i vest og Östersunds kommun i nordvest. Dessutan grensar han til Sundsvalls kommun i aust og Ånge kommun i sør, begge i Västernorrlands län. Administrasjonssenteret i kommunen er Bräcke, som ligg ved Revsundssjön, 68 km sør for Östersund.

Landskapet i kommunen er kraftig kupert. Dei høgste partia ligg i søraust, og der er landskapet jamnare. Kommunen er også rik på innsjøar. Når det gjeld næringslivet, er det industri, og særleg trevareindustri, jordbruk og offentleg tenesteyting som dominerer.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

I 1891 braut Nyhems landskommun ut av Revsunds landskommun. Ved den landsomfattande kommunereforma i 1952 vart Revsund storkommun slegen saman med landskommunane Bodsjö og Sundsjö. Samtidig vart landskommunane Håsjö og Hällesjö slegne saman til Kälarne landskommun, og Nyhems landskommun vart innlemma i Bräcke landskommun. I 1974 vart så Revsund, Kälarne och Bräcke slegne saman. Tettstaden Bräcke, som vart administrasjonssenter i kommunen, var municipalsamhälle i åra 1907–1955.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Trestripa skjold i blått med sekstagga gullstjerner, i gull med ein gåande svart bjørn med raud tunge og raude klør, og i raudt med ein mur med mørtel av gull.[1]

Våpenet vart fastsett for Bräcke landskommun i 1958, og går tilbake til eit segl frå 1800-talet. Etter kommunesamanslåinga i 1974 fanst det to våpen til, frå Kälarne og Revsund, men ein valde å registrere det gamle våpenet til Bräcke for den nye kommunen i 1975.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er fire tettstader i Bräcke kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Bräcke 1 566
2 Gällö 758
3 Kälarne 492
4 Pilgrimstad 405

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sköld, två gånger delad av blått, bestrött med sexuddiga gyllene stjärnor, och av guld, vari en gående svart björn med röd tunga och röda klor, samt av rött, bildande en mur med fogar av guld».