Brødrene Løvehjerte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bröderna Lejonhjärta)

Brødrene Løvehjerte (svensk Bröderna Lejonhjärta) er ein barneroman av Astrid Lindgren. Boka kom ut i 1973 og var illustrert av Ilon Wikland. Den norske utgåva kom på Damm Forlag i 1974 og var omsett av Jo Tenfjord.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Brørne Løvehjarte heitte eigentleg berre Lejon (Løve) til etternamn og Jonatan og Karl til førenamn, men me kjenner dei som Løvehjerte, namnet dei fekk etter døden, då dei kom til Nangijala. Karl vert kalla Kavringen fordi storebror hans, Jonatan, likar kavringar.

I Nangijala opplever brørne eit eventyr fullt av syskenkjærleik, mot og svik. Dei er saman med i kampen mot den vonde Tengils undertrykking og den dødelege elden frå den skremmande draken Katla. I Kirsebærdalen finn Kavringen den farsfiguren han har sakna, i Mattias, som er som ein farfar for han, noko dei også fortel Tengils soldatar at han er.

Boka vart filmatisert i 1977, regissert av Olle Hellbom. Nokre av opptaka til filmen blei gjort på Island, mellom anna på Þingvellir og i Dimmuborgir.